Hopp til innhold

Krev 70.000 i koronaførelegg etter festing i Bergen

Politiet deler ut bøter for totalt 70.000 etter ein fest med 15 personar i Bergen. To av festdeltakarane stakk av frå staden.

Turisme i Norge

Det er ikkje lov å vera meir enn fem personar samla i private samkomer i Bergen no. Det har 13 festgjengarar i Bergen fått merke.

Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix

Tolv av dei bøtelagde har fått 5000 kroner i bot for å ha delteke på festen. Arrangøren fekk 10 000 kroner i bot.

– Politiet har informert alle og gitt dei førelegg over telefon. Deltakarane var i 20-30-årsalderen og har til politiet gitt uttrykk for at dei har gjort noko dumt og angrar. Det kjem nok ikkje til å skje igjen, for å seia det slik, seier påtaleleiar i Vest politidistrikt, Gunnar Fløystad.

Festen i Sandviken var ein av to festar politiet i Bergen stoppa laurdag.

Fløystad seier både smittevernsmyndigheitene og politiet har vore tydelege på kva som er lov og ikkje i Bergen dei siste vekene. Å følgja opp brot på smittevernsreglane har høg prioritet for politiet.

– Me må reagera når me kjem over tydelege eksempel, seier Fløystad.

Festgjengarane braut Bergen kommune si lokale koronaforskrift. Den seier at det ikkje er lov til å samla meir enn fem personar i private samkomer. Då politiet kom til leilegheita i Sandviken var det 15 personar til stades.

To av dei rakk å stikka av før politiet fekk vita namnet deira.

– Me må fyrst finna ut kven dei er. Me får sjå om me har noko å gå på og om me skal bruka ressursar på det. Det har me ikkje teke stilling til endå, seier Fløystad.

Det er førebels ukjent kva som skjer med deltakarane på festen politiet i Bergen stoppa på studentbustadane på Fantoft laurdag. Saka er fortsatt under etterforsking.

Bøter for karantenebrot

Politiet på Vestlandet har også bøtelagd tre utanlandske arbeidarar etter brot på karantenereglane. Det gjeld tre britar på Stord, som har fått 20 000 kroner kvar i bot.

Mennene skal ha besøkt lokale pubar, for så å ta drosje tilbake til riggen der dei jobba. Dette kjem i tillegg til dei tre gjestearbeidarane som blei bøtelagde på same grunnlag i førre veke.

Ein litauisk mann, som blei arrestert for tjuveri i Sandnes, har også fått bot for karantenebrot.