Hopp til innhold

13 evakuerte frå brann i Florø – tomannsbustad totalskadd

Ein tomannsbustad i Florø i Kinn kommune i Vestland fylke er totalskadd etter brann. Ni vart redda ut frå det brennande huset. Fire vart evakuerte frå to nabohus.

Meldinga om brannen kom ved 23.30-tida, og alle naudetatar rykte ut til den kraftige brannen i Havreneset i Florø.

Ni bebuarar i tomannsbustaden kom seg velberga ut, og det er ikkje meldt om skadde. Også fire bebuarar i to nabohus som ligg tett opptil det brennande huset, vart evakuerte.

Brann i Lyngvegen i Florø

Tomannsbustaden i Lyngvegen er heilt overtent, opplyser politiet.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Etter kort tid vart det meldt at heile tomannsbustaden stod i brann og at brannvesenet ikkje hadde kontroll på flammane. Vest politidistrikt melde at det var full overtenning i tomannsbustaden.

Dei evakuerte vart tekne vare på av helsepersonell.

Brann i Lyngvegen i Florø
Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Brannfolk fekk i seg røyk

Ved eittida var høge flammar synlege gjennom taket på tomannsbustaden. Brannen var ikkje under kontroll.

Fleire brannfolk som jobba med å sløkkje brannen, fekk i seg røyk og fekk helsehjelp, melde Vest politidistrikt.

Utover dette er det ikkje meldt om skadde.

Brannfolk i arbeid i Lyngvegen i Florø

Brannfolka i arbeid i Lyngvegen.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Kraftig vind

Det vart opplyst på staden at brannvesenet hadde problem med tilgangen på vatn til sløkkinga.

Det blåste kraftig og var mykje røyk i området. Politiet bad naboane lukke vindauga.

Klokka 01.20 var flammane frå brannen mindre og det kunne sjå ut til at brannvesenet starta å få kontroll, men like etter steig flammane igjen høgt opp. Det brann framleis kraftig og var mykje røyk, men brannen såg ikkje ut til å spreie seg til nabohusa, fortalde NRK sin reporter på staden.

Laurdag føremiddag skriv Firdaposten at ein politibetjent vart køyrt til sjukehus etter å ha fått i seg røyk frå brannen.

– Eg meiner det ikkje skal vere snakk om alvorleg skadar, seier etterforskingsleiar Kåre Toreid til Firdaposten.

Brann i Lyngvegen i Florø

Klokka 01.20 ser det ut til at faren for spreiing er redusert.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Kontrollert nedbrenning

Klokka 01.45 var det klart at huset ikkje var til å redde. Vest politidistrikt opplyste at brannfolka då dreiv med ei kontrollert nedbrenning av huset. Det var ikkje lenger fare for at brannen skulle spreie seg til nabohusa.

Kurt Ask, Kinn brannvesen

Kurt Ask er overbefal i Kinn brannvesen.

Foto: Fredrik Johan Helland, NRK

Held vakt

Dei 12 brannfolka som jobba med å sløkke brannen, heldt i natt fram arbeidet med å sikre branntomta slik at flammane ikkje skulle få nytt tak og spreie seg, opplyste overbefal Kurt Ask i Kinn brannvesen.

Lørdag føremiddag var det framleis personell frå Kinn brannvesen på staden.

– Dei er i ein sluttfase av ettersløkking, og held vakt på branntomta for å unngå at det blussar opp att, seier Frode Eide ved Alarmsentralen.

Laster Twitter-innhold
Brannvesenet i Florø, i Lyngvegen, med kraftige flammar i horisonten i nattemørket
Foto: Fredrik Johan Helland / NRK
Brann i tomannsbolig i Lyngvegen i Florø

Det er mykje røyk frå brannen.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK
Brann i tomannsbolig i Lyngvegen i Florø
Foto: Fredrik Johan Helland / NRK
Brann i tomannsbolig i Florø
Foto: Fredrik JOhan Helland, NRK
Boligbrann i Florø
Foto: Fredrik Johan Helland / NRK
Brann i Lyngveien i Florø
Foto: Fredrik Helland, NRK

Det brenn i ein tomannsbustad i Lyngvegen i Florø.