For første gong står foreldra til ein av dei mest omtalte skuleelevane i landet det siste året fram med namn og bilete.
Tidlegare har dei ikkje ønska det av omsyn til sonen (13). Men no er saka lagt bort. Denne veka trekte attpåtil Bergen kommune politimeldinga som førte til politibesøk på døra.
– Det har vore ein del styr, med mange møte med kommunen og politiet. Men me har lært svært mykje. Samstundes har me hatt godt samvit heile vegen fordi me har visst at sonen vår varsla, slik han skulle, seier far Dag Hellesund til NRK.
– Ingen vil ha stova full av politi
Sonen deira avdekte eit alvorleg sikkerheitshol i datasystema til Bergen kommune. Han prøvde å varsle, men vart ikkje høyrt.
I fjor lasta den 12 år gamle barneskuleeleven ned brukarnamn og passord til 35.000 lærarar og elevar, som låg ope tilgjengeleg på elevnettet.
Saka er breitt omtalt i media. I Bergen kommune utløyste hacking-skandalen høyring av byrådsleiaren og andre kommunetoppar.
Foreldra seier tilbakemeldingane frå it-miljøet i Bergen har vore overveldande. Fleire næringsaktørar har teke kontakt, og privatpersonar har teke initiativ til å samla inn pengar i sosiale medium.
Kommunen har beklaga at varselet ikkje blei plukka opp. Dei har seinare beklaga korleis saka, og politimeldinga av sikkerheitsbrotet, har gått ut over familien.
– Det er ingen som har lyst til å få stova fullt av politi og måtta skaffa forsvarsadvokat til sonen sin. Ein vil liksom ikkje opna ungdomsskulekarrieren med det. Men dette har også vore lærerikt, seier Hellesund.
Vil løfte fram koding i skulen
I tillegg til å ha lasta ned personopplysingar om elevar og tilsette, sende 13-åringen ut ein nettorm på skulen sitt elevnett.
Kommunen frykta det var utanforståande med vonde hensikter og slo full alarm.
Guten har ifølge faren sagt at han ville vita kor mange IP-adresser som var knytte til elevnettet.
No håpar foreldra at historia deira kan bidra til å løfta fram koding og programmering som sentrale element i den nye læreplanen i grunnskulen.
– Me ønskjer å oppnå at det blir eit betre utdanningstilbod, seier mor Kristine Petersen.
– For oss er det viktig at sjølv om ungdom utviklar teknisk kompetanse på noko, så må dette gå hand i hand med den juridiske og etiske modninga. Der har skulen eit ansvar, seier Hellesund.
Inviterte til Stortinget
Denne veka var dei på Stortinget. Dit var dei inviterte av stortingsrepresentant Grunde Almeland (V).
Almeland sit på Oslo-benken, men er opphavleg frå Hordaland. Frå posisjonen sin i familie- og kulturkomiteen har han følgt historia til den datakyndige skuleeleven tett.
– Den omstillinga som Noreg står overfor, med teknologi og digitalisering, gjer at me treng at fleire får brukt slike evner som 13-åringen har, seier Almeland.
Læreplanane skal fastsetjast av Kunnskapsdepartementet til hausten. Allereie frå skulestart i 2020 skal dei takast i bruk.
– For seint ute
Denne veka gjekk høyringsfristen ut. Over 7000 innspel og forslag kom inn.
Mange av dei har den frivillige rørsla Lær Kidsa Koding stått bak. Dei jobbar for auka kompetanse om koding i skuleverket. Dei meiner Noreg allereie er for seint ute.
– Programmering må inn i fag som naturfag, matematikk, musikk og fleire valfag, seier prosjektleiar Herdis Moldøen.
Regjeringa har allereie varsla at koding og programmering skal få ei sentral rolle i framtidig undervisning. Men strategien dei la fram i 2017 var skuffande lite konkret, meinte IKT Norge.
– Det er mange flinke lærarar og det finst døme på skular som gjer mykje riktig når det gjeld teknologi. Allereie no til hausten må me ha konkrete endringar som gjer framtidige genrasjonar IKT-kompetanse, sånn at me er på linje med resten av verda, seier Almeland.