Hopp til innhold

Høgaste smittetal i Bergen nokon gong: 125 nye smitta

FESTPLASSEN (NRK): Smitten i Bergen held fram å auka. Fredag opna kommunen ein ny teststasjon der 21.000 bergensarar kan testast på ein månad.

Teststasjon på Festplassen i Bergen

«TESTPLASSEN»: Fest er erstatta av test på Festplassen i Bergen. Frå fredag kan gåande og syklande testa seg midt i byen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Fredag melder kommunen om 125 nye koronasmitta i Bergen. Det er det høgaste talet registrerte smitta på eitt døgn sidan pandemien starta.

Dei smitta er i alderen 2 til 84 år. Åtte av dei nye smitta er over 60 år.

Så langt har 12 personar ukjent smitteveg og to tilfelle er importsmitte, ifølge kommunen.

11 bebuarar på sjukeheimane i Bergen smitta.

Totalt 3123 personar har fått påvist koronavirus i Bergen. 2506 av desse er registrert sidan 7. august.

Byrådsleiar Roger Valhammer seier smittetala viser behovet for strenge tiltak.

– Vi forventar å kunne sjå ein effekt av lokale tiltak i byrjinga av neste veke, seier byrådsleiaren.

Opna ny teststasjon

Fredag opna ein ny testasjon på Festplassen for gåande og syklande.

Stasjonen midt i Bergen sentrum er i utgangspunktet ein drop in-stasjon, og skal halda open kvar dag heile veka.

– Eg er utruleg stolt og nesten rørt over den innsatsen som så mange menneske har gjort for at me kan opna i dag, sa helsebyråd Beate Husa (KrF) under den offisielle opninga av teststasjonen fredag føremiddag.

Teststasjon på Festplassen i Bergen
Bergen julemarked

Festplassen i Bergen desember 2019 og november 2020

Tim-Christian Wassmo / Leif Rune Løland

Skal minna innbyggarane om pandemien

Mange stader i landet er årets julemarknader avlyst på grunn av smittefaren.

I eit normalår skulle julemarknaden i Bergen blitt arrangert på Festplassen. I 2018 var 800.000 personar innom marknaden. I år var det venta opp mot éin million besøkande.

Men allereie i fellesferien avlyste arrangøren førsjulstradisjonen.

I byrådssaka i slutten av september var Festplassen trekt fram som det beste alternativet for ein ny sentrumsnær teststasjon for gåande og syklande.

I tillegg til å vera ein sentral og tilgjengeleg lokasjon alle i Bergen kjenner, vil plasseringa fungera som ei påminning til innbyggarane om pandemisituasjonen. (Det)«kan derfor vere ei svært positiv sideeffekt ved lokasjonen», heiter det i byrådssaka.

– Me har drøymt om teststasjon på Festplassen lenge. Det er lenge sidan legevaktsjefen sa ho ønskte seg ein testplass her, sa Husa under opninga.

Legevaktsjef Dagrun Linchausen åpner teststasjon på Festplassen

LEGEVAKTSJEF: Dagrun Linchausen i Bergen kommune.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Når for første gong testkravet

I starten har den sentrale teststasjonen ein kapasitet på 400 testar per dag. Etter kvart vil kapasiteten auka til 700 testar per dag – altså 21.000 i månaden.

Helsedirektoratet har eit krav om at kommunar skal kunna testa minst 5 prosent av innbyggarane i løpet av ei veke.

Når stasjonen opnar, og etter kvart aukar testkapasitet, er Bergen kommune oppe i 5,4 prosent.

Teststasjonen på Festplassen i Bergen

TESTING: Det er lagt opp til at ingen skal vera inne i rubbhallen lenger enn 14 minutt.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Nato-hall

Legevaktsjef Dagrun Linchausen anslår at Bergen kommune har sett i verk rundt 100 årsverk som gjennomfører testing.

– Dei siste to vekene er det trent opp om lag 50 nye tilsette til å ta testar, opplyser legevaktsjefen.

Helseetaten har lagt opp til at ingen skal opphalda seg inne i teltet lenger enn 14 minutt. Torsdag gjennomførte kommunen ein vellukka stresstest for å sjå om alt fungerte som det skulle.

Stasjonen er ein isolert og oppvarma rubbhall for vinterforhold. Telthallen kommunen har leigd blei i fjor brukt under den store Nato-øvinga.

Beate Husa åpner teststasjon

HELSEBYRÅD: Beate Husa (KrF).

Foto: Leif Rune Løland / NRK