Hopp til innhold

Fleire vikarar måtte opna Stortinget fredag: – Kjenner på ærefrykt

Fredag opna det 166. Storting. Men fordi me ikkje har fått ei ny regjering enno får nokre av dei nye representantane ein førebels kort karriere.

Vikarer på Stortinget

VARAER MÅ MØTA: Fleire av dei som opna det 166. Storting, får berre møte få veker på tinget. Hadle Bjuland (KrF), Charlotte Spurkeland (H) og Ane Breivik (V) er nokon av vikarane.

Foto: NRK

– Dette var kanskje ein av dei raraste dagane i mitt liv, seier Sofie Høgestøl (V) på tampen av sin aller fyrste dag som stortingsrepresentant.

Sannsynlegvis får ho ikkje bli på Stortinget særleg mykje lenger.

Noreg skal snart byta regjering. Men den nye regjeringa er ikkje stabla på beina heilt enno. Arbeidarpartiet og Senterpartiet er framleis i forhandlingar om ein mindretalsregjering.

Difor har me framleis den «gamle» regjeringa med Erna Solberg (H) i spissen, med også dei «gamle» ministrane.

Men ein kan ikkje vera minister eller statssekretær og stortingsrepresentant samtidig.

Etter valet har mange av dei ministrane frå den «gamle» regjeringa no fått plass på Stortinget. Men dei må altså framleis ministrar fram til Arbeidarpartiet og Senterpartiet blir einige.

Ane Breivik og Sofie Høgestøl

STORTINGSPOLITIKARAR: Ane Brevik (V) og Sofie Høgestøl (V) må møte på Stortinget i nokre veker. Skjermdump av Twitter frå 1.10.2021.

Foto: Skjermdump

Difor måtte 12 vararepresentantar frå regjeringspartia ta stortingsplassane til dei som eigentleg ikkje skal vera i regjering lenger, under opninga av det 166. Stortinget fredag.

– Surrealistisk

Veka før valet haldt Sofie Høgestøl (V) førelesing om korleis eit regjeringsskifte skjer i Noreg. Steg for steg forklarte ho det til studentar.

Høgestøl fyrsteamanuensis på UiO, i tillegg til å vera 4.-kandidat for Vestre i Oslo.

– Men på ingen tidspunkt slo det meg at eg ville måtte møta i den overlappande tida mellom ny og gamal regjering, seier den sylferske stortingsrepresentanten.

Høgestøl hadde nemleg forventa å verta 2. vara, og dermed truleg skulle få høve til å møte på tinget. Men så fekk Venstre inn tre representantar frå Oslo.

Ane Breivik og Alfred Bjørlo på Stortinget.

GØY PÅ STORTINGET: Ane Breivik (V) og Alfred Bjørlo (V) på Stortinget. Skjermdump av Twitter frå 1.10.2021.

Foto: Skjermdump

Etter å ha sove berre eit par timar på valnatta, haldt Høgestøl ei ny førelesing for den same gruppa morgonen etterpå.

– Då gjekk det verkeleg opp for meg at eg måtte møta. Det var veldig surrealistisk. Eg trur dei synest det var veldig morosamt at eg var så forfjamsa over det, seier Høgestøl.

Høgestøl erklærer seg sjølv som valnerd.

– Eg synest det var kjempekjekt å sjå at dei forskjellige delegasjonane kom opp med fullmaktene sine til stortingspresidenten, seier ho.

Salens yngste

Når eit nytt storting opnar er det mykje slike formalitetar som skal takast unna.

– Så det er avgrensa kor mykje me får vera med på av politisk arbeid, me som er varaar i denne omgangen. Men det kan jo henda at me blir kalla inn på ny, seier Hadle Bjuland (KrF).

Han måtte møta fordi Olaug Bollestad frå Rogaland framleis er minister.

21 år gamle Bjuland var den yngste representanten i salen.

– Det må eg innrømma at var stort, og eg kjenner på ærefrykt som ligg i det å vera vara og, seier han.

Astrid Aarhus Byrknes og Hadle Rasmus Bjuland

STAS: Astrid Aarhus Byrknes og Hadle Bjuland på Stortinget. Det er truleg ikkje så mykje politisk arbeid dei rekker å vere med på.

Foto: Privat

Er du ein god erstatning for Olaug Bollestad?

– Det er kjekt for meg å vikariera dei gongene det er nødvendig. Men eg er veldig glad for at det er Olaug som snart kjem tilbake og at ho er representant for oss i KrF, seier Bjuland.

God stemning og klemming

Også frå Hordaland måtte KrF stilla med vara, sidan Dag-Inge Ulstein framleis er minister.

– Det slo me liksom ikkje at det var sånn det fungerte. Då eg blei klar over det var det sjølvsagt. Men så kjekt å få vera med på både opning og konstituering, seier Astrid Aarhus Byrknes.

1. varaen beskriv stemninga på tinget som høgtideleg og god.

– Folk verka veldig opplagde og glade for å fysisk treffast, utan pleksiglas og munnbind. Eg fekk klemmar av nokre av dei eg har møtt tidlegare på Stortinget. seier Byrknes.

Byrknes har 162 dagars ansiennitet på tinget etter ho var vara for Knut Arild Hareide i perioden 2013-2017, då han hadde pappaperm.

Charlotte Spurkeland og Astrid Aarhus Byrknes på Stortinget

LITT ERFARNE: Charlotte Spurkeland (H) og Astri Aarhus Byrknes (KrF) har begge vore rundt 150 dagar på tinget tidlegare.

Foto: Privat

Dag-Inge Ulstein har fire barn, men skal etter alle solmerke ikkje ut i fleire pappapermar. Til BA har han nemleg sagt at han har «kutta strengen.»

– Haha, ja, det stemmer det, haha. Me får håpa han er stabil på Stortinget. Viss eg kan få lov å hjelpa han litt med dei lokale sakene og få dei fram, så synest eg det hadde vore veldig kjekt, seier Byrknes.

Ingen kupping

Charlotte Spurkeland (H) møtte som vara for Erna Solberg. Ho var også vararepresentant mellom 2013 og 2017, og har 150 dagar ansiennitet på tinget frå den gongen.

– Det er eit fantastisk privilegium å få møta på tinget, sjølv om det berre er for nokre veker, seier Høgre sin 1. vara frå Hordaland.

Ho pendlar desse vekene, og har fått låna ein liten studiohybel. Og sjølv om ho no har overteke partileiar Erna Solberg sin stortingsplass, kjem ho ikkje til å kuppa nokon fleire verv.

– Nei, det går veldig roleg for seg på Hordalandsbenken, seier Spurkeland.