Hopp til innhold

12 timar i kø for å møte helten

Nokre går lenger enn andre for å treffe sin store idol. Geir Ove Joranger reiste eins ærend til London og stod i kø nærmare 12 timar for å møte sitt store idol.


Geir Ove Joranger og Keith Richards

ENDELEG: Etter 13 Stones-konsertar fekk Geir Ove Joranger helse på bokaktuelle Keith Richards.

Foto: Privat/AP

Keith Richards

GITARIST OG LÅTSKRIVAR: Keith Richards står bak mange av Rolling Stones sine superhits og er rekna for å verre ein av rockens viktigaste gitaristar.

Foto: DMITRY LOVETSKY / AP

Han har tidlegare møtt både Charlie Watts og Ron Wood, og når han såg at Keith Richards skulle ha boksignering i London denne veka, berre måtte han reise.

Men reisetida frå Norge til England skulle vise seg å vere småtteri, i forhold til køen som venta i London.

Rykter i køen

– Eg møtte opp klokka seks om morgonen utanfor Waterstones bokhandel. Etter fire-fem timar i kø byrja det å bli litt amper stemning. Det gjekk rykte i køen om at berre dei 50 første ville få møte Keith, og at alle dei andre kunne få kjøpe ei signert bok utan å møte han, fortel den 42 år gamle sogningen .

Han er oppvaksen i Høyanger, men er i dag busett på Askøy utanfor Bergen. Heilt sidan ungdomsåra har han vore hekta på Rolling Stones. Og då gitarist Keith Richards skulle drive promotering for si sjølvbiografiske bok, «Livet», var det sjølvsat at Joranger kjende si besøkstid.

Etter ni timar byrja ting å skje

Charlie Watts i The Rolling Stones 2008.

TROMMESLAGAREN: Charlie Watts er alt kryssa av på Joranger si møteliste.

Foto: AXEL SCHMIDT / AFP

Og rykta i køen om at berre dei 50 første skulle få møte gitarhelten, vart ett kvart gjrot til skamme. Men det skulle krevje mykje tid og tolmod.

– Først klokka tre på ettermiddagen, etter ni timar i kø, såg vi ein sjanse for å få eit møte med Keith. Rundt halv fire slapp vi som første gruppe inn. I den gruppa var vi ca 150 personar som fekk gå opp i andre etasje. Der måtte vi vente i halvanna time, fortel Joranger.

Ropte og skreik

Men så byrja ting å skje.

– Plutseleg kom Keith inn i rommet. Det blei veldig rart. Det vart heilt stilt i nokre sekund, før jubelen braut laus. Folk ropte og skreik til han.

Etter at media hadde fått sitt, kunne boksigneringa endeleg ta til. Med 150 Stones-fans framfor meg augna Joranger lys i tunnelen. Då dei endeleg nådde fram til rommet der Stones-gitaristen sat, blei dei fråtekne, posar, ryggsekkar og bagar, og vaktene studerte dei ventande frå topp til tå. Dermed rauk også alle sjansar til å bli avfotografert saman med helten.

Så stod dei ansikt til ansikt...

Ron Wood

GITARIST: Også Ron Woods har helst på Rolling Stones-tilhengjaren frå Høyanger og Askøy.

Foto: Arne Kristian Gransmo / NRK

– Då det var min tur, kom det ei dame som tok frå meg boka. Ho la den på bordet framfor Keith, og eg var geleida inn mellom vaktene som stod rundt Keith. Det var i alt seks vakter, og då stod eg ansikt til ansikt med Keith, forte 42-åringen.

Richards smilte og lo, snakka litt med vaktene sine, og såg opp på den tilreisande sogningen.

– Så kikka han ned att, og signerte boka. Han skyvde så boka bort til meg, og eg sa «Nice to meet you». Og så sa Keith: «Pleasure is on my side». Og så sa eg «Thank you vey much, Keith».

Deretter vart Joranger geleida ut att forbi vaktene.

– Då var det over.

– Ein draum vart verkeleg

– Var det verkeleg verdt det, å stå i kø i 12 timar for å ha dette vesle møtet?

– Ja! Ja!, kjem det kontakt frå den ihuga Stones-tilhengjaren.

– Kva tenkte du då du stod framfor Keith Richards?

– Då tenkte eg som så at dette er ein draum som har blitt verkeleg.

Berre Jagger manglar

Mick Jagger

FRONTFIGUREN: Sidan 1962 har Mick Jagger fronta Rolling Stones som vokalist. Han er det einaste bandmedlemmet Geir Ove Joranger ikkje har fått møte.

Foto: CARL DE SOUZA / AFP

Tidlegare har Joranger møtt både Charlie Watts og Ron Wood, mein ein person står att: Fronftigur Mick Jagger.

– Måtte eg ha valt mellom Mick og Keith, så hadde eg valt Keith. Det hadde eg. Men viss sjansane byr seg for at Mick skulle stille opp på ei boklansering eller ein pressekonferanse, så kjem eg nok til å reise for å freiste møte han, seier 42-åringen som har vore på 13 Rolling Stones-konsertar.

På spørsmål om kva som er favorittlåta, får han litt vanskar. Men etter å ha tenkt seg om landar han på eit svar.

– «Happy», som Keith skreiv i 1972.

  • Ps. Etter at NRK Sogn og Fjordane fredag publiserte saka på nett, er vi gjort merkame på at 24-år gamle Anders Mellerud frå Kristiansand stod først i køen. Han hadde då venta imponerande 30 timer for å møte den britiske rockehelten.