12 nye smitta i Årdal

Årdal kommune melder om 12 nye positive koronatestar i dag. Totalt er no 31 personar smitta i utbrotet. Kommunen opplyser at dei fleste smitta er innan same smitteklynge og er forventa. Kommunen innførte i går lokale tiltak for å raskt få slått ned utbrotet.