Hopp til innhold

Sjå video: 12 etasjers stillas tatt av vinden – raste i bakken

Eit kraftig vindkast tok tak i det enorme stillaset. Heldigvis vart ingen skadd då ei stillasrekke losna og fall tolv etasjar.

Stillas raser i Armauer Hansens vei i Bergen

STILLASRAS: På fem sekund raste den eine delen av stillaset.

Foto: Mats Sydnes Johannessen

– Eg sat og såg Dagsrevyen då eg høyrde eit enormt smell. Eg forstod ikkje kva det var før eg kikka ut kjøkkenvindauget.

Det seier Trond Gausemel.

Han bur i tredje etasje i den 12 etasjer høge blokka i Armauer Hansens vei 13 på Slettebakken i Bergen. Leiligheita hans ligg akkurat på hjørnet der stillaset braut saman.

Bygget er for tida dekka av stillas og presenning, fordi svalgangane skal renoverast.

Stillas i Armauer Hansens vei tatt av vinden

SVAI: Dei åtte-ni etasjane av stillaset over leiligheita til Gausemel var borte då han kikka ut vindauget etter braket.

Foto: Trond Gausemel

Med kraftig vind i bergensområdet mandag kveld, tok vinden i 19-tida tak bak stillaspresenningen og reiv laus den ytterste rekka av stillaset.

Heile den tre meter breie og tolv etasjer høge delen av stillaset blei ståande og slenge fram og tilbake i vinden.

Ingen skadd

Politiet og brannvesenet fekk melding om hendinga klokka 19.20, og kom raskt til staden. Men dei rakk ikkje å gjera noko før eit nytt vindkast plutseleg reiv det svaiande stillaset over ende klokka 19.33.

Vinden rev ned en del av stillaset på høyblokken i Armauer Hansens vei i Bergen.

DRAMATISK: Mats Johannessen filma då vinden reiv ned ein del av stillaset på høgblokka.

Det var då Gausemel oppfatta situasjonen.

– Eg gjekk til kjøkkenvindauget for å sjå. Då såg eg stillaset like utanfor stå og vaie i vinden.

I hans etasje stod stillaset framleis, men med ein tydeleg knekk. Han oppfatta etter kvart at resten av stillaset opp til 12. etasje hadde deisa i bakken.

– Tenk viss nokon hadde gått under då det skjedde! Vi bur på ein bakketopp og er vane med at vinden kan ule godt rundt hjørnet her, men eg hadde ikkje førestilt meg dette, seier han.

Del av 12 etasjers stillas raste saman i vinden, Fantoft i Bergen.

VINDFANG: Stillaspresenningen vart som eit enormt segl då vinden kom innunder på baksida.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det er ikkje meld om at det var personar akkurat der 12 etasjar med metallrøyr gjekk i bakken.

Vakthald

Brannvesenet og selskapet som eig stillaset har i kveld jobba med å sikra stillaset. Dei har bardunerert stillaset med stroppar, og skore mange hol i presenningen for at ikkje vinden skal få så godt tak.

Bebuarane vart ikkje evakuert, men dei får førebels ikkje sleppe ut via svalgangen som vanleg. Dei som eventuelt må forlate blokka, må gå ut via ei dør på baksida.

– Eg vågar ikkje å gå ut, men inne i leiligheita er eg ikkje uroleg, seier Gausemel.

Stillas i Armauer Hansens vei tatt av vinden

HANG OG SLANG: Stillasdelar hang laust rett etter samanbrotet.

Foto: Trond Gausemel

Tidleg på kvelden vart det vurdert at endå meir av stillaset kunne rase.

– Men no reknar vi det som mindre sannsynleg, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til NRK.

Han seier politiet i løpet av kvelden har redusert det avsperra området. Det blir truleg vakthald på staden i natt.

Selskapet: – Vi sikra slik vi skal

Cato Gullaksen i CG Stillas AS var på staden i kveld og dreiv sikring saman med brannvesenet.

Til BA seier at han selskapet hadde gjort det dei meiner er innanfor det som skal gjerast av sikring.

– Men vi kan aldri gardere oss mot alt. Ein kan alltid dra lærdom av slike hendingar. I framtida må vi vurdere sikringa på slike utsatte stader som dette.

Politiet slår fast at hendinga hadde stort skadepotensiale. Dei har førebels oppretta ei undersøkingssak.