Hopp til innhold

Kasta mann 16 meter utfor balkong – dømd til 12 års forvaring

Ein mann i 40-åra er dømd til 12 års forvaring etter drapsforsøket i Bergen i november 2020. Ein mann i 30-åra må sitje sju år og seks månader i fengsel for medverknad.

Politiet undersøker blokk i Åsane

NOVEMBER: To menn vart sikta sikta etter at ein mann vart kasta 16 meter ned frå balkongen i Åsane 13. november.

Foto: Therese Pisani / NRK

Det var lenge uvisst om den skadde mannen utanfor ei bustadblokk i Åsane hadde hoppa, eller var utsett for noko kriminelt. Først i mars i år stadfesta mannen kva som hadde skjedd, og kven som hadde gjort det.

Då var allereie to menn pågripne og sikta i saka. Mennene vart pågripne på bakgrunn av ein konflikt den no dømde mannen i 40-åra hadde med fornærma. Kommunikasjon han hadde med andre, gjorde at politiet også fatta mistanke til mannen i 30-åra.

No meiner Hordaland tingrett, som politiet, at dei to samarbeidde om å kaste mannen 16 meter utfor ein balkong. Mannen overlevde fallet.

Politiet meinte at drapsforsøket var planlagt, men mennene nekta straffskuld då dei møtte til den over tre veker lange rettssaka.

– Ingen tvil om at tiltalte handla med overlegg

Etter å ha høyrt forklaringa frå 35 vitne og to sakkunnige, la politiadvokat May-Britt Erstad ned påstand om 12 års forvaring, med minstetid på åtte år, for den eldste mannen.

Dette fekk Erstad medhald i.

– Det er ingen tvil om at (tiltalte) handla med overlegg. (Tiltalte) framsette drapstruslar overfor (Fornærma) første gong 15. oktober 2020, og som aktor har skildra det, dreiv han etter det «intens jakt», som til slutt enda i drapsforsøk, skriv tingretten og meiner mannen hadde fleire høve til å tenkje over konsekvensane av handlingane.

Aktor May-Britt Erstad - Dobbeltdrap Sotra

12 ÅR: Politiadvokat May-Britt Erstad la ned påstand om 12 års forvaring for den eldste av dei to dømte mennene.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Mannen i 40-åra er tidlegare dømd for drapet på Øyvind Bjarte Madsen i Åsane i 2000.

Erstad la også ned påstand om fengsel i ni år for mannen i 30-åra. Retten fann det bevist at han var klar over drapsplanane, men at han ikkje deltok i planlegginga eller hadde ynskje om det sjølv.

Derimot sytte han for tilgang til leiligheita og hjelpte til då mannen i 40-åra ikkje klarte å kaste den fornærma utfor balkongen. Retten dømde mannen til fengsel i sju år og seks månader.

– (...) og retten meiner det ikkje er ført bevis for at (tiltalte) handla med overlegg, skriv retten.

Retten meiner det ikkje er tvil om at dei to mennene samarbeidde om drapsforsøket frå 6. etasje i bustadblokka.

– Retten har i bevisvurderinga lagt avgjerande vekt på (Fornærma) si forklaring. Forklaringa har vore samanhengande og konsistent over tid, og blir støtta av dei øvrige bevisa i saka, medan dei tiltalte si forkalring om drapsforsøket har lita truverd, og er tilpassa bevisa i saka, skriv tingretten.

Mennene, som også vart dømde for andre tilfelle av vald og truslar, må i tillegg betale 350.000 kroner i oppreisningserstatning for drapsforsøket.

Ankar dommen

Advokaten til mannen i 30-åra, Harald Grape, seier han er overraska over dommen i saka.

– Me meiner at retten ser vekk frå heilt sentrale bevis, og spekulerer for mykje. Me er heilt ueinige når retten seier at den fornærma sin forklaring er konsistent og truverdig. Det sprikar i alle retningar, seier Grape.

Advokat Harald Grape

USAMD: Advokat Harald Grape representerer mannen som har fått sju og eit halvt år i fengsel for medverknad på drapet.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Han seier dei kjem til å anke saka.

– Retten spekulerer og lagar eigne forklaringar som det ikkje er hold i det heile tatt, seier Grape.

– Kva meiner du hadde vore ei passande strafferamme?

– Han skal frifinnast for drapsforsøket.