Hopp til innhold

117 nye koronasmitta i Bergen

117 personar har fått påvist covid-19 i Bergen det siste døgnet. Dette er det det nest høgaste smittetalet sidan koronautbrotet i Bergen.

87 av dei smitta er i 20-åra. 82 tilfelle er nærkontaktar og fem er importsmitte. 30 har ukjend smitteveg. 44 tilfelle er knytt til fadderveka.

– Med så mange smitta er smittesporingsarbeidet sterkt belasta og i fare for å bryte saman, seier smittevernoverlege Egil Bovim.

Han ber smitta personar om å isolere seg raskt og varsle nærkontaktar sjølv. Bovim ber også alle laste ned Smittestopp-appen.

Samtidig er to personar innlagde med covid-19 i Helse Bergen-området, ein på Voss og ein på Haukeland sjukehus.