Hopp til innhold

110-sentralane skal samlast i same regionar som dei nye politidistrikta

Arbeidet med å samle 110-sentralane i same regionar som dei nye politidistriktet er no starta.

Terje Brandsøy

VENTAR SPENT: Terje Brandsøy er leiar for alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Foto: Privat

Stortinget har vedteke at brann og redningstenesta sin sentral for nødtelefon skal ha dei same grensene som politidistrikta.

– Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har invitert til eit møte 28. oktober og det blir eit spanande møte for oss, og sjå kva som kjem fram der, seier Terje Brandsøy som er leiar for alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Høyring

Kommunane har fått 10 vekers høyringsfrist. I brevet frå DSB går det fram at ein skal samlokalisere 110-sentralane med dei nye politidistrikta, men ein tar ikkje stilling til i kva kommunar alarmsentralane skal ligge. For politiet sin del er det allereie konkludert med at politidistriktet skal styrast frå Bergen .

– Dei har jo grunngjeve det på ulike måtar. Det er ikkje alt der som vi er samde, og det er noko som høyringsinstansane no må vurdere, seier Brandsøy.

Har husleige avtale i 28 år

Alarmsentralen som i dag ligg i Florø betaler kring ein million i året i huslege, og har husleigekontrakt i 28 år for bygget i Florø.

– Det er klart at her er det snakk om mykje pengar, som er bunde opp i husleigeavtale, seier Brandsøy.

Kor godt eigna er bygget i Florø for andre leigetakarar?

– Bygget er spesielt tilrettelagt for alarmsentral og operasjonssentral for politiet, så det er klart at det vil bli kostbart for dei som ikkje måtte ha dei krava til lokalitetar. Såg eg trur det kan bli vanskeleg å leige det ut til andre føremål.