Hopp til innhold

Oppdaga fisk med store sår i merd: – Dette er triste bilete

Kajakkpadlarar oppdaga svært mykje fisk med store sår. No sjekkar Fiskeridirektoratet om behandlinga av fisken var straffbar.

Laurdag 27. august padlar Øyvind Stuvik som vanleg kajakk mellom øyane vest for Sotra. Han er leiar i selskapet Fjordexpedition, som driv med guida turar i Øygarden.

Ved Syltøyna vest for Møvik passerer kajakkfølget ei merd der fiskarar har plassert ein makrellfangst i såkalla «lås» eller «steng».

– Me såg at nokre få av fiskane var sjuke, seier Stuvik til NRK.

Steng er ein vanleg måte å oppbevara levande villfisk før den skal fraktast til fiskemottak.

Men då Stuvik og eit turfølge kjem forbi staden igjen fem dagar seinare, er det dei ser i merden ikkje normalt.

Kajakkpadlarar oppdaga mykje skadd makrell i steng ved Sotra.

Ei kajakkgruppe oppdaga det dei kallar hårreisande mykje skadd makrell i denne merden.

Foto: Øyvind Stuvik

Tipsaren: – Hårreisande

Mykje av fisken dei ser øvst i vatnet er full av sår.

Stuvik tar ein liten video av fisk i merden, både over og under havoverflata.

Det verkar som at fleirtalet av fiskane på filmen har kvite eller raude sår på ryggen, sidene eller snuten.

– Fiskane var blitt sjukare og sjukare. Det var hårreisande mykje fisk som var tydeleg skadd.

Øyvind Stuvik

Han og den andre guiden bestemmer seg for å melda frå til både Fiskeridirektoratet og Norges Miljøvernforbund neste dag.

Eg har ikkje lyst til å laga sur stemning for fiskarane i området. Det er ikkje sikkert dei har gjort det med vilje. Det er jo ikkje vanleg å sjekka under vatn med gopro-kamera.

Han understrekar at turfølget fokuserte på å ikkje øydelegga noko eller ta på noko.

Øyvind Stuvik

Øyvind Stuvik melde frå etter å ha sett at makrellen såg stadig dårlegare ut.

Foto: Privat

Veterinær: – Infeksjonar

Fiskeridirektoratet fekk videoen og varselet. Det fekk også NRK, og viste videoen til veterinær Åse Helen Garseth.

Ho er fagansvarleg for villfiskhelse på Veterinærinstituttet.

– Dette er triste bilete som viser omfattande skader på nesten alle fisk. Det ser ut som enkelte har fått bakterie- eller soppinfeksjon i huda, kommenterte Garseth.

– Når makrellen står i steng som her, kan dei stryka seg mot tau eller liknande. Då kan dei mista skjel og beskyttande slimlag og dermed bli meir mottakelege for infeksjonar.

Garseth meinte det ut frå videoen var vanskeleg å seia kvifor dette har skjedd.

– Men det ser ut som dette ikkje handlar om naturlege årsaker, men måten fisken blir halden på der. Dette er ei sak for Mattilsynet, meinte ho.

Åse Helen Garseth, Fagansvarlig villfiskhelse og Seniorforsker 1110, Havbruk, villfisk og velferd, Veterinærinstituttet

Åse Helen Garseth på Veterinærinstituttet meiner Mattilsynet må vurdera denne saka.

Foto: Eivind Røhne

Fiskaren: – Litt hard medfart

På oppdrag for direktoratet rykka kystvaktskipet «KV Tor» ut og kontrollerte merden neste dag.

– Me var varsla om at stenget hadde fisk som hadde byrja å komma i ganske dårleg forfatning. Kystvakta og me kontakta eigaren, som møtte «KV Tor» på staden laurdag morgon.

Det seier seksjonssjef Roger Aasarmoen i kontrollseksjonen i Fiskeridirektoratet, region vest.

Det heile enda med at 11 tonn fisk måtte slaktast på grunn av skadane.

Skadd makrell i "steng" på Sotra

Videoen viser mykje fisk med store skader.

Foto: Øyvind Stuvik

Eigaren av denne makrellfangsten er fiskar Jakob Magnar Jakobsen frå Sotra.

Han seier til NRK at fangsten hadde stått tre-fire dagar i stenget då brønnbåten skulle frakta fisken til mottaket. Men brønnbåten kunne ikkje komma, fordi kjøleanlegget om bord havarerte.

– Då hadde me allereie byrja å trenga merden saman, slik at fisken får mindre plass før han blir pumpa over i brønnbåten. Men så skar det seg på grunn av havariet. Ein del av fisken hadde då fått litt hard medfart, seier Jakobsen til NRK.

Han understrekar at situasjonen ser verst ut ved havoverflata.

– Rett under overflata er det lett å sjå fisk med tydelege raude sår i skinnet, men det er dei skadde fiskane som svømmer høgt. Det meste av fisken er uskadd og held seg lenger nede i merden, seier Jakobsen.

Skadd makrell i "steng" på Sotra

Både fiskaren og direktoratet seier at den skadde fisken svømmer nærast overflata og ikkje er representativ for heile fangsten.

Foto: Øyvind Stuvik

11 tonn vart til olje

Etter at Kystvakta kontrollerte merden, fekk Jakobsen same dag frakta fisken fekk.

Ingenting av fangsten kunne brukast til menneskemat.

– Den hadde ikkje kvaliteten som skal til for å bli matfisk, seier Aasarmoen i Fiskeridirektoratet.

Alle 11 tonna vart frakta til sildeoljefabrikk i Måløy for å bli fiskeolje eller fiskemjøl, altså stort sett brukt til fiske- og dyrefôr.

Det svarar til minst 20.000 middagsporsjonar med makrell.

– Denne fangsten kunne ikkje nyttast til matfisk. Sjølv om berre noko var skadd, var det ikkje hensiktsmessig å skilja frisk frå skadd fisk, forklarer både Aasarmoen i direktoratet og fiskaren sjølv.

Makrell i steng ved Sotra.

Makrellen slik den så ut 27. august.

Foto: Øyvind Stuvik

Inga tidsgrense

Ifølge Jakobsen stod makrellen til saman ei veke i merden, altså sidan kajakkpadlarane observerte stenget første gong.

– Visste du om den skadde fisken?

– Ja, me hadde jo planlagt å ta den opp når det passa inn i driftsopplegget me hadde. Fisken kan vanlegvis godt stå 3-4 veker viss den har fått fin behandling på veg inn i merden. Men ikkje i dette tilfellet med ein del sårfisk og litt daud fisk, seier Jakobsen.

Han er kritisk til at kajakkpadlarar har vore tett inntil merden.

– Eg ser ikkje vekk frå at det bidrar ytterlegare til å stressa opp fisken, noko som kan ha gitt meir skadd fisk.

Aasarmoen i Fiskeridirektoratet stadfestar at det ikkje finst ein tidsfrist for kor lenge levande fisk kan stå i «lås».

– Det er inga lovregulert grense for kor lenge villfisk kan stå slik i steng, men dei som eig fisken skal følga med at den har det bra.

Roger Aasarmoen, Fiskeridirektoratet

– Bør det vurderast å setta ei grense?

– I den grad noko går gale, kan ein alltid kunne seia at regelverket ikkje handterer alle situasjonar. Hendingar som dette skjer sjeldan. Men me vil vurdera om denne saka bør spelast inn i forhold til eventuelle regelendringar, seier han.

1. september gjekk fristen ut for å gi innspel til ei ny stortingsmelding om dyrevelferd. I forslaget frå regjeringa heiter det mellom anna at «levende lagring av villfisk bør drøftes i det vidare arbeidet med denne meldinga».

Ein fiskemerd med makrellfangst i "steng", Sotra

I den hektiske fangstperioden er det vanleg å oppbevara ein makrellfangst i «steng» før den blir frakta til fiskemottak. Biletet viser ikkje den aktuelle merden.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Vurderer reaksjon, men «fjerna bevis»

Kystvakta varsla allereie laurdag at dei meiner det ikkje har skjedd noko straffbart i saka. Men Fiskeridirektoratet undersøker no saka vidare.

Det er for tidleg å seia noko definitivt om det ha skjedd lov- eller regelbrot og om det eventuelt kan bli konstatert skuld.

Men direktoratet sikra seg ikkje dokumentasjon av kor mykje av fisken som faktisk var skadd.

– Nei, me følgde ikkje fisken til levering på sildeoljefabrikken, og kan ikkje seia nøyaktig helsetilstand til all den fisken.

– Så bevismaterialet om helsetilstanden til fisken er no borte?

– Ja, det er vekke, det einaste me har er gopro-videosnuttane frå overflata, men fisken nede i merden har som regel mykje betre kvalitet, seier Aasarmoen.