Hopp til innhold

11 sikta for grov menneskehandel: – Mistenker at mindreårig skulle seljast til prostitusjon

BERGEN (NRK): På to adresser og i fleire timar aksjonerte politiet mot eit kriminelt rumensk nettverk. Fleire slektningar av ei 16 år gamal jente er sikta for å ha planlagt å tvinga henne til å selja sex.

Politiet aksjonerte mot menneskehandelnettverk

AKSJONERTE: Her tar politiet med seg fire kvinner etter aksjonen laurdag kveld. Fleire av dei sikta er i slekt med 16-åringen som politiet mistenker skulle seljast.

Foto: NRK

I ein nøye koordinert aksjon slo politiet til mot to private bustader i Bergen og på Askøy laurdag kveld.

Til saman blei 11 rumenske statsborgarar arresterte, sikta for grov menneskehandel.

Observasjonar av ei jente politiet mistenkte å vera 16 år gamal, førte til aksjonen.

– Me har fått bekrefta at jenta er 16 år. Etterforskinga er i startfasen og det er for tidleg å seia kva rolle desse elleve har hatt, seier politiadvokat Rudolf Christoffersen i Vest politidistrikt.

Mistenkt for «opplæring i prostitusjon»

Politiet arresterte åtte personar i Bergen og tre personar på Askøy. Etter det NRK kjenner til varte aksjonane frå laurdag ettermiddag til rundt midnatt. Politiet har gjort beslag på begge adressene.

Både tiggarar, prostituerte og fleire menn er blant dei arresterte.

– Me mistenker at jenta blei transportert til Noreg med det formål å utnyttast i prostitusjon.

Politiadvokat Rudolf Christoffersen

POLITIADVOKAT: Rudolf Christoffersen i Vest politidistrikt.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Alle elleve er rutinemessig sikta for grov menneskehandel, då den fornærma er mindreårig. Strafferamma er inntil ti års fengsel.

– Me har ei meining om kven som har frakta jenta og kven som var med i følget til Bergen. Andre er mistenkte for å ha roller knytt til å ha husa mindreårig som skulle utnyttast, opplæring i prostitusjon og liknande, seier politiadvokaten.

Aksjonerte mot velkjend adresse

Adressa som politiet aksjonerte på i Bergen er knytt til eit rumensk kriminelt miljø. Huset var eitt av dei mest sentrale i NRK Brennpunkt-dokumentaren «Lykkelandet».

Personane som blei arresterte laurdag kveld er ein del av det same nettverket, men er stort sett ukjende for politiet.

Seint sundag kveld blei sju av dei arresterte lauslatne. To menn og to kvinner har enno status som sikta og sit i varetekt i Bergen.

Ifølge Christoffersen vil politiet ikkje utelukka fleire arrestasjonar.

Politiet vurderer å framstilla dei fire for fengsling tysdag.

Mistenker at jenta allereie er tvungen til sexsal

Politiet vil ikkje seia kor lenge dei har hatt den mindreårige jenta og miljøet under oppsyn. Kvinner som politiet veit er prostituerte var i huset då 16-åringen blei henta ut.

– Nettverket er sterkt til stades i Bergen og har ein stor rekrutteringsbase i Romania, seier politiadvokat Christoffersen.

Politiet mistenker at jenta allereie er utnytta i sexsal i tida ho har vore i Noreg.

– Me mistenker det. Det vil forhåpentlegvis etterforskinga avdekka.

Politiaksjon mot menneskehandelmiljø i Bergen

AKSJONERTE: Politiet aksjonerte i mange timar laurdag kveld. Sivilt politi gjorde fleire beslag på begge adressene.

Foto: NRK

Fleire av dei arresterte er i slekt med 16-åringen. Politiet vil ikkje kommentera slektsbandet utover det.

Jenta skal til avhøyr og er teken hand om av barnevernet.

16-åringen er prega av situasjonen, fortel bistandsadvokat Hilde Cecilie Meyer.

– Jenta er i ein sårbar situasjon i eit framand land. Førsteprioriteten er at ho må få den hjelpa ho treng.

Omfattande innsats mot menneskehandel

Vest politidistrikt er i sluttfasen av etterforskinga av eit anna større rumensk nettverk i Bergen. Etterforskinga har ført til fleire dommar for menneskehandel og hallikverksemd.

I 2017 blei to rumenske menn dømt for menneskehandel, då to jenter på 16 og 17 år blei plukka opp av politiet. Ei av jentene hadde selt sex på gata i Bergen i nesten ein månad. Den andre blei plukka opp i ein bil som stod parkert på prostitusjonsstrøket i byen.

Politiet håpar etterforskinga i den nye saka vil vera nok for å få fleire bakmenn dømt for menneskehandel.