11 nye med smitte i Hyllestad

Elleve nye personar har testa positivt for korona i Hyllestad. Det betyr at det totalt er 21 smitta i kommunen. Alle smitta har tilknyting til skipsverftet til Havyard i Leirvik, der utbrotet starta.