Hopp til innhold

11-åring fotfølgt og dytta inn mot gjerde

Mannen skal ha følgt etter guten på veg heim frå skulen før han dytta 11-åringen inntil eit gjerde.

Øvre Årdal

Det fortel operasjonsleiar for politiet, Ole Tom Nord, til NRK. Hendinga skjedde i sentrum av Øvre Årdal rundt klokka 14.30.

– Guten har fått nokre skrubbsår. Han var veldig oppskaka og redd. Det er klart det er ei traumatisk oppleving for ein 11-åring, seier Nord.

Politiet etterlyser no eitt vitne, ein mann som gjekk tur med hunden sin i området då hendinga skjedde.

– Han skal ha kome ganske tett på. Det at han kom med hunden sin var nok til at mannen sprang av garde, fortel Nord.

Han kan ikkje seie noko meir om bakgrunnen for hendinga. Det er også usikkert om hundeeigaren har gripe inn.

– Det var mora som melde inn hendinga for politiet. Ho og guten skal til forklaring i morgon, seier operasjonsleiaren.