Hopp til innhold

101-åring klipper sin eigen plen

Den høge alderen er inga hindring for Ivar Dårflot frå Stryn. 101-åringen steller fire mål plen heilt på eigahand...

Ivar Dårflot

SPREK: 101-åringen steller plenen sin sjølv

Foto: Inge Guddal / NRK

Den smålåtne 101-åringen er ikkje arbeidslaus. For å klippe hagen som er nesten like stor som ei fotballbane, går det gjerne fleire dagar.

– Eg skulle gjerne vore 30 år att, flirer Dårflot. Han pustar tungt og hørselen er ikkje det den ein gong var, men replikken sit godt.

Gode naboar

17. april gjekk flagget til topps då Dårflot fylte 101 år. Året før gav ein av naboane han ei kjærkomma bursdagsgåve.

– Då kom naboen og hjelpte meg med å klippe plenen. Han sa det fekk vere ei bursdagsgåve, ler den spreke arbeidskaren. Han held seg i form med å sykle til butikken.

For eit år sidan lagde NRK Sogn og Fjordane eit innslag på Dårflot som trass sine 100 år sykla til butikken kvar dag for å handle mat, både vinterstid og sommartid.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video SYKKEL-100-200410-SF1840-190724-SIMPEG-4_SF.mp4

TRASSA VER OG ALDER: Sjå video frå i fjor då 100-åringen sykla til butikken

Klipper i etapper

Den 4 mål store hagen er utfordrande bratt, men frodig. Men i år klipper han plenen sjølv.

– Men hagen er så bratt at eg må ta det i etapper, seier sprekingen.

Han vedgår at det er litt slitsamt, så han veit ikkje kor lenge han orkar. Men planen er å kanskje slå litt og la resten av graset stå.

Må lage middag

Dagen er stort sett full av gjeremål. Dårflot sit ikkje akkurat å ventar på at noko skal skje. Han kjem rett frå eit lite møte hos naboen.

– No må eg komme i gong med å lage middag. Eg syklar framleis på butikken, for eg må jo handle mat. Men i dag veit eg ikkje heilt kva eg skal lage.

101-årigen vil helst ikkje ha noko oppstyr rundt sin eigen figur eller alder. For ei tid tilbake var han i avisa, men det likte han ikkje.

– Men sidan dette er på internett bryr eg meg ikkje så mykje, for eg har ikkje Internett.