Hopp til innhold

1000 o-løparar skal finne rett kurs

1 000 orienteringsløparar frå alle verdshjørne er i ferd med å samlast til Nordvestgaloppen i Sogndal. Startskotet for det tradisjonsrike orienteringsløpet går i morgon ettermiddag.

Sverre Aasen og Kjell Kvåle

Løyepsjef Sverre Aasen og galoppsjef Kjell Kvåle set opp postane.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Løypesjef Sverre Aasen har sitt fulle hyre med å henga ut 70 strengt hemmelege postar i dei djupe sogndalsskogane.

– Det er ingen som skal vite kvar posten heng før dei startar løpet. Når dei startar, snur dei kartet og får sjå heile løpet.

Deltakarar frå 17 land

Deltakarar frå Australia, Russland, England, Belgia og 14 andre land er klare for fire dagar med orienteringsløp i Sogndal. Startskotet går onsdag klokka fem, og dagen før dagen ligg skodda tjukk i løypa på Haukåsen i Sogndal. Det meiner galoppsjef Kjell Kvåle vert uproblematisk.

– Det kjem til å takle både skodde og terreng, det er eg ikkje uroa for. Og så er meldingane betre for i morgon.

Fransk stjerne

Francois Gonone

Francois Gonone er ei stor stjerne.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Medan sjefane for løpet førebur løypa, gjer den franske orienterinsstjerna Francois Gonone unna ei siste treningsøkt. For nordmenn flest er vel franske namn som Nikolas Anelka og Thierry Henry vesentleg større enn Gonone. Men dette er ei stor stjerne, fortel ein av arrangørane, Christian Frøyd.

– Han er av dei betre løparane i verda, men er nok betre i mellom-europeisk terreng enn norsk.

Førebur seg til VM

Gonone er orienteringsløpar på heiltid, og brukar Nordvestgaloppen som oppkøyring til VM i Trondheim andre veka i august. Difor gjer han seg no kjend i norsk terreng, og trur vinnarmoglegheitene er store.

– Det er fire veker til VM og eg gjer dei siste førebuingane.

Nordmenn er favorittar

Men det er også fire orienteringsløparar frå det norske VM-landslaget med på Nordvestgaloppen. Olov Østrøm frå Karlstad i Sverige har med seg familien til Sogndal, og trur nordmennene er dei største konkurrentane.

– Dei kan vere vanskeleg å slå på heimebane.

Håpar på mykje folk

No kan kven som helst vera med på orienteringsløpet i Sogndal, og galoppsjef Kvåle håpar på stort oppmøte både frå lokale deltakarar og publikummarar.

– Eg anbefaler folk om å ta med seg ungane. Det er ein flott tur.