100 selskap og 1000 tilsette

Oljebasen i Florø vil doble aktiviteten i løpet av dei neste fem åra.

Fjordbase på Botnaneset i Florø.

VENTAR VEKST: 100 bedrifter og 1000 tilsette er det økonomisjef Roald Førde ser for seg på oljebasen i Florø.

Foto: unknown / NRK

- I 2018 vil vi truleg ha 100 bedrifter med til saman 1000 tilsette på Fjord Base, seier Økonomidirektør Roald Førde i INC-gruppa til firda.no .

Håpar på fleire selskap

Oljebasen i Florø vil doble aktiviteten i løpet av dei neste fem åra.

INC, som driv basen, håpar at fleire oljeselskap vil etablere seg på basen i tillegg til service og leverandørbedrifter.

Men for å klare å utvide må dei ha større plass. I dag har basen eit område på 700 mål og alt av bygg og tomter er leigde ut, skriv avisa.

Stor diskusjon

Diskusjonen om korleis dei skal få større plass har vekt reaksjonar. For utbygging vil føre til at amnlegget kjem nærare Florø sentrum, noko ikkje alle er like glade for.

Dei som styrer basen vil nemleg utvide vestover til området rundt og bak den vesle øya Rota, rett over sundet frå Florø sentrum.

Det andre alternativet er austover til Grønenga som er lenger inne i Nordalsfjorden. Ei dyrare løysing og lenger unna dagens oljebase og for langt unna meiner dei som har ansvaret for Fjordbasen.

Vedtak til hausten

5. mars hadde plan- og miljøutvalet i Flora kommune møte og der kom det fram at basen kan bli utvida i begge retningar.

Det endelege vedtaket vil kome til hausten.

INC - gruppa sjølve vil investere 250 millionar på basen dei neste tre åra.