100 meter rygging kosta kranfirma 80.000 kroner

Statens vegvesen reagerte på ein svær mobilkran i nabolag. – Gebyr i denne storleiken er ikkje veldig vanleg, seier kontrollør.

Statens vegvesen gav denne mobilkrana 80.000 kroner i overlastgebyr

DYR AVSTIKKAR: I det denne mobilkrana (innfelt) køyrde av fylkesveg 562 på Askøy torsdag ettermiddag, køyrde den ulovleg. Dei rundt 100 metrane ned stikkvegen til høgre kosta kranfirmaet 80.000 kroner.

Foto: Google street view/Statens vegvesen

Torsdag ettermiddag gjennomførte Statens vegvesen ein ordinær trafikkontroll på Juvikflaten på Askøy.

Ti sjåførar fekk skriftlege manglar for lysmanglar og feil på dekk, og ein bilist fekk gebyr for å ha køyrt med for dårlege dekk.

– Det var litt småting, slik det vanlegvis er, seier kontrollør Knut Sylta.

Men den største «fangsten» fekk Sylta og kollegaen på veg tilbake frå kontroll.

– Litt lett å gå for ei enkel løysing

Frå fylkesvegen som kryssar søre deler av kommunen såg Sylta og kollegaen ei mobilkran i sving i eit nabolag.

Mobilkrana hadde køyrd av hovudvegen og rygga seg anslagsvis 100 meter ned ein sideveg for å gjera eit løft på eit nybygg.

Det skulle visa seg å bli ei dyr affære.

– Me er litt obs på denne problematikken. Det er enkelt å «berre nett» ta ein sideveg og tenka at ein går for ei enkel løysing. Men då må ein søka dispensasjon, seier Sylta.

Mobilkran på Askøy

LØFT: Den 37,9 tonn tunge mobilkrana hadde eit løfteoppdrag på Askøy torsdag. Men tungtrafikk på vegar som denne er strengt regulert.

Foto: Statens vegvesen

Ikkje dimensjonert for tungtrafikk

Det er forskrifter som styrer kor tunge køyretøy som har lov å køyra på dei ulike vegane våre.

Vegvesenet krev at store og tunge køyretøy må søka om løyve eller dispensasjon for å køyra inn på vegar som er av ein annan bruksklasse enn til dømes fylkes- og riksvegar.

– Mange av desse vegane er ikkje klassifiserte for at tunge køyretøy skal kunna køyra på dei. Vegane kan ha røyr eller svakare fundament som gjer at ein må vurdera bruk gjennom ein søknad, fortel Sylta.

I dette tilfellet køyrde mobilkrana lovleg på hovudvegen, men då sjåføren svinga av på den kommunale sidevegen endra vegen bruksklasse frå bk10 til bk8.

Dermed skulle det ha blitt søkt om løyve på førehand.

– Me driv ikkje og jaktar, men er jamt over obs på denne problematikken. I dette tilfelle såg me krana frå vegen, forklarer Sylta.

Nesten tusen kroner i bot pr. meter

Lovleg vekt for den aktuelle mobilkrana på vegen i nabolaget er 24 tonn. Men kranen som blei tatt på fersken hadde 13,9 tonn i overlast.

Det var ikkje gitt dispensasjon frå verken Askøy kommune eller Statens vegvesen.

Resultatet av kontrollen vart dermed eit overlastgebyr på 79.800 kroner.

Det gir i underkant av tusen kroner i bot per tilbakelagde meter på sidevegen.

– Gebyr i denne storleiken er ikkje veldig vanleg, kommenterer Sylta.

Store, tunge køyretøy belastar vegnettet i større grad enn ordinære køyretøy. Uklarert køyring kan i verste fall gi skader på fundament, vassleidningar eller liknande.

– Satsane blei justerte for nokre år sidan. Det handlar om at konsekvensane kan bli store og gebyra skal spegla kostnadene med vedlikehald og investeringar.

Ingen kommentar

– Det er store summar det er snakk om, så det er sjølvsagt fortvilande for firmaa. Men det løner seg å ha slike ting i orden, seier Sylta og legg til:

– I dette tilfellet hadde sjåføren truleg fått dispensasjonen han trong på visse vilkår.

Dagleg leiar i det aktuelle firmaet ønsker ikkje kommentera saka overfor NRK.

Vegvesenet understrekar at dei følgjer opp dei særlege krava for tunge køyretøy.

– Om me ser mobilkranar me lurar på korleis har kome seg dit dei er, så tek me gjerne stikkprøvar.