Hopp til innhold

10 namn til Helse Førde-styret

Helse Vest har fått forslag på 10 namn til nytt styret i Helse Førde.

Av desse kjem føretaksmøtet i Helse Vest førstkomande måndag til å plukke ut tre eller fire styremedlemmer.

Styret i Helse Førde har totalt 11 medlemmer. Fire av dei er tilsette sine representantar og blir ikkje valde av foretaksmøtet.  Av dei resterande sju blir kring halvparten plukka frå kandidatar foreslått av fylke og kommunar. Og her har Helse Vest fått 10 namn frå fylket og 16 av dei 26 kommunane.

  • Det er Clara Øberg, frå Ap og Sogndal , foreslått attvald av fylket og 10 kommunar.
  • Jorunn Ringstad, Senterpartiet og Askvoll, er foreslått attvald av fylket og seks kommunar.
  • Per Kjøllesdal frå Senterpartiet og Stryn er foreslått av fylket og ni kommunar.
  • Arve Mjømen, Høgremann frå Gulen er foreslått av fylket og fem kommunar.
  • Flora har spelt inn Elisabeth Normann og Oscar Bergheim.
  • Lærdal foreslår Knut O. Aarethun og Inger Bakken.
  • Førde har foreslått Harry Mowatt. 
  • Eid er den einaste som har spelt inn attval på Siv Langøen Rotevatn.

Tre eller fire frå lista?

Spenninga framfor føretaksmøtet måndag er om det blir plukka tre eller fire frå denne lista, og kva omsyn møtet tar til politisk farge og geografi.

I sakspapira står det at styresamansettinga ikkje skal ha noko form for representativitet, men at det er ønskjeleg med partipolitisk og geografisk spreiing.

Fleire er truleg sikre

Det ligg i korta at Øberg og Ringstad er sikre, spenninga er om Sp eller Ap får to, om dei får to kvar eller om det kjem inn andre politiske fargar.

Det ligg vidare i korta at Helse Vest vil gjenoppnemne Knut Cotta Schønberg, Reidun Halland og ein representant frå Helse Vest på den såkalla fri kvoten, der også Opseth sit fram til måndag.