Hopp til innhold

10 av 12 bergensskular forseinka eller utsatt

Ei rekkje av skulane som skal pussast opp i Bergen er opptil to år bak skjema. Rektor ved Alvøen skole skulle fått nytt bygg til sommaren. Ny sluttdato: skulestart 2017.

Sløydsal stengt

TOMT: Det er ingen elevar eller lærarar i sløydsalen på Alvøen skole. Delar av skulen har vore stengt i sju år fordi elevar og tilsette vart sjuke av å vere der.

Foto: Sølve Rydland

På Alvøen skole skulle nybygget stå ferdig i sommar – ingenting har skjedd.

– Det har vore låst i sju år fordi elevar og tilsette vart sjuke av å vere her, seier Rektor Andre van der Heide medan han viser austfløya på Alvøen skole. Ein av dei største barneskulane i Bergen.

  • Sjå NRK si oversikt lenger nede i saka

Ein gjennomgang NRK har gjort viser 10 av dei 12 første skulebygga er utsett eller forseinka samanlikna med byrådet sine opphavlege ambisjonar. Arbeidet vart sett i gang etter at arbeidstilsynet slo alarm i 2011.

I utgangspunktet skulle altså eit nytt bygg stå ferdig på Alvøen skole til sommaren, men slik vert det ikkje.

– Etter dei siste planane skal det vere ferdig til skulestart i 2017, seier van der Heide som fortel at foreldra vert stadig meir irriterte.

Opptil to år forseinka

NRK har gått igjennom dei tolv første skulane som skulle rehabiliterast eller byggast opp igjen etter at arbeidstilsynet slo alarm om skuleforfallet i Bergen i 2011.

Alle utan om to av dei er forseinka eller utsett samanlikna med byrådet sin opphavlege sluttdato. Varden, Landås, Nattland og nybygget på Alvøen er dømer på skular som kjem minst to år seinare enn planen var.

– Vi forstår at datoane vart framlagt veldig bombastisk, men det var kanskje fordi vi ville vise at vi har ambisjonar, seier finansbyråd i Bergen Liv Røssland frå Framstegspartiet.

Alvøen skule

ALVØEN SKOLE: På Alvøen skole er austfløya stengt og skal rivast. Til høgre ser ein brakkene.

Foto: Sølve Rydland

Ho vedgår at det ikkje ser bra ut at datoane bystyret har godkjend nærmast systematisk har vorte flytta mellom eit halvt og to år. Men byråden med ansvaret for skulebygga meiner dei fleste utsetjingane er til det beste for framtidige elevar.

– Grunnen er at vi endrar prosjekt etter kloke avgjerd, men det gjer at vi forskyver oppstartspunktet for prosjektet, seier Røssland.

– Dårleg styring

Leiar i oppvekstkomiteen Pål Hafstad Thorsen frå Arbeidarpartiet synest dette er teikn på dårleg prosjektstyring.

– Når vi allereie så tidleg i arbeidet med å innhente skuleforfallet ser at det er forseinking, så gjer det at andre skular kan endå opp med å stå lenger i kø for å vente på at dei skal få tiltak, seier Thoresen.

På Alvøen skule har allereie det første kullet vore igjennom eit sjuårig skuleløp etter at austfløya vart stengt.

Dei tolv første skulane er berre dei første i rekkja i det gedigne oppryddingsarbeidet i Bergen. Til saman meiner ekspertane at det vil kosta mellom tre og fire milliardar å komma forfallet til livs.

Oversikt over skulebygg

Opphavleg ambisjon

Status

Kommentar

Møhlenpris skole

Våren 2015

Årsskiftet 2016/2017

Forseinka / utsett med opp mot to år

Landås skole

2014

2016

Forseinka / utsett med opp mot to år

Varden skole

2015

2017

Forseinka / utsett med to år

Nattland oppveksttun

2015

2017

Forseinka / utsett med to år

Søreide skole

Skulestart 2014

Skulestart 2014

Opna som planlagt

Minde skole

Årsskiftet 2014/2015

Skulestart 2014

Opna eit halvt år før planen

Ulsmåg

Årsskiftet 2014/2015

Skulestart 2015

Noko forseinka

Alvøen skole

Skulestart 2015

Skulestart 2017*

Forseinka / utsett med to år

Damsgård skole

Skulestart 2017

Årsskiftet 2017/2018

Forseinka / utsett med eit halvt år

Holen skole

2017 eller 2018

2019

Forseinka / utsett med meir enn eit år

Lyshovden oppveksttun

Årsskiftet 2014/2015

Skulestart 2015

Forseinka / utsett med eit halvt år

Alrekstad skole

Årsskiftet 2014/2015

Skulestart 2015

Forseinka / utsett med eit halvt år

* ikkje endeleg stadfesta.

Merknad: Garnes ungdomsskule er ikkje tatt med sidan det her berre var snakk om strakstiltak.

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: Tilstandskartlegging/tiltak skoler. Handlingsplan 1. Status 15.4.2013: http://www3.bergen.kommune.no/BKSAK_filer/bksak/2013/BEBY/2013069942-3873972.pdf