Hopp til innhold

1400 kvinner kan ha fått oppdaga brystkreft seint – her er testbussen parkert

Tusenvis av kvinner i distrikta blir spesielt råka når brystundersøkingane er forseinka i heile landet.

Mammografibussen

PARKERT: Kvinnherad, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Voss, Austevoll, Aurland har ikkje fått besøk av mammografibussen under pandemien.

Foto: Fjell kommune

– Dette strir mot all fornuft, seier Lila Moberg, som bur i Kvinnherad.

Ho er ei av dei rundt 6.000 kvinnene i Sunnhordland og Hardanger som har fått tilbod om undersøking i Bergen når mammografibussen ikkje har gått.

Mammografibussen har reist rundt i Hordaland og gitt alle kvinner mellom 50 og 69 år tilbod om brystkreftundersøking sidan 1996.

Reisetida til Bergen er minst tre timar kvar veg. Moberg har tidlegare uttalt seg til avisa Grenda, og stiller seg uforståande til om smittevernet blir betre når kvinnene må reisa heilt til Bergen.

– Det er blant anna smitterisiko knytt til kollektivtransport, og ein har fått beskjed om å reisa minst muleg.

Lila Moberg

OPPGITT: Lila Moberg i Kvinnherad brukte ein heil dag på å reisa til Bergen på mammografi.

Foto: Privat

Dei tre andre bussane har gått

Vanlegvis kjem mammografibussen til Kvinnherad annankvart år.

Alle dei fire mammografibussane som går rundt i distrikta i landet, blei stoppa under nedstenginga i mars i fjor. Dei tre andre starta opp igjen seinast for eitt år sidan.

Det er berre Helse Bergen som ikkje har teke i bruk bussen enno. Den byrjar å gå først i neste veke.

Seksjonsoverlege Hildegunn Siv Aase ved Brystdiagnostisk senter ved Haukeland universitetssjukehus seier det har vore heilt naudsynt.

– Me skulle gjerne ha reist ut i distrikta, men me har ikkje klart å innfri godt nok smittevern i bussen. Det er veldig trangt, seier ho.

Oppdagar kreften seinare

Når bussen forsvinn, fell oppmøtet til mammografi. Av dei 500 kvinnene som til no er inviterte i Kvinnherad, møtte berre 200 til timen i Bergen.

– Det er eit veldig, veldig lågt oppmøte. Vanlegvis møter rundt 75 prosent av kvinnene, seier Solveig Hofvind, som er leiar av mammografiprogrammet i Kreftregisteret.

Det er dei som sender ut invitasjonar, og alle kvinner mellom 50 og 69 år i Noreg får tilbod om mammografi annankvart år.

Mammografiundersøkelse

MAMMOGRAFI: Målet er å oppdaga brystkrefttilfelle så tidleg at behandlinga kan bli så skånsom som muleg.

Foto: Remi WAFFLART / PHOTOPQR/L'UNION DE REIMS

Nedstenging og smittevern gjer at dei aller fleste no må venta lenger enn vanleg.

Forseinkingane varierer frå mellom to til sju månader i helseføretaka, og gjer at krefttilfelle kan bli oppdaga seinare.

– Rundt 1.400 kvinner kan allereie ha fått ein forseinka diagnose. Talet aukar med 850 innan me er i rute igjen, ifølgje Hofvind.

Anslaga deira viser at fleire enn 500.000 kvinner har fått eller kjem til å få ein forseinka invitasjon til mammografi som følgje av pandemien. Det utgjer 85 prosent av alle inviterte.

Det er berre brystsentra i Haugesund, Hedmark, Nordland og Troms og Finnmark som ikkje har forseinkingar. Lengst ventetid er det i Oppland, Trøndelag og Vestre Viken.

Solveig Hofvind

FÆRRE MØTER UTAN BUSS: Solveig Hofvind i mammografiprogrammet seier oppmøtet fell 20-30 prosent når bussen forsvinn.

Foto: Sunniva Linjord / NRK

- Skred av kreftpasienter

– Eg er skremt av dei tala, seier generalskretæren i Kreftforeininga, Ingrid Stenstadvold Ross.

Stadig fleire kvinner får påvist brystkreft. I 2019 blei det rapportert inn 3.726 nye tilfelle, ifølgje Kreftregisteret. Talet har aldri vore høgare, og no fryktar Kreftforeininga nye rekordar.

– Det kjem til å koma ei bølgje av kreftpasientar. Me får beskjed om at veldig mange sjukehus merkar det no, seier Ross.

Ho meiner kvinnene som skulle hatt time på mammografibuss, må få det så raskt som muleg.

Ingrid Stenstadvold Ross fra Kreftforeningen.

UROA: Ingrid Stenstadvold Ross i Kreftforeininga seier sjukehusa no melder om fleire krefttilfelle.

Foto: Jorun Valle Nilssen

To år til bussen kjem til Kvinnherad

Mammografibussen byrjar å gå igjen 30. august, men skal då til Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes. Han kjem ikkje til Kvinnherad og fleire andre kommunar igjen før om to år.

– Den er i utgangspunktet fullbooka i heile haust, men me ser på om det vil vera muleg for kvinner frå andre kommunar også å koma til bussen, seier Hildegunn Siv Aase ved brystdiagnostisk senter ved Haukeland universitetssjukehus.

Lila Moberg er blant mindretalet i Kvinnherad som har takka ja til invitasjonen til Bergen. Ho tok ikkje sjansen på å venta.

– Det er viktig å møta. Eg kjenner ei som oppdaga at ho hadde aggressiv brystkreft etter mammografi. Ho meiner det redda livet hennar.

Kreftregisteret reknar ikkje med at dei er i rute med mammografiprogrammet før august 2022.