Hopp til innhold

«Dystert resultat» etter aksjon mot ulovlege fiskeredskapar

Fiskeridirektoratet har gjennomført ein ny fellesaksjon på Sør-Vestlandet saman med statens Naturoppsyn (SNO) og Kystvakten (KV). Resultatet kallar dei «dystert».

Kontrollen blei gjennomført på strekninga frå Stavanger til Austevoll. I løpet av fire dagar vart 125 redskapar beslaglagt, dei fleste teiner.

40 av dei er meldt inn til politiet, der 31 har kjent eigar og 9 har ukjent.

– Brot på regelverket til utforming av fluktopningar og rømmingshol er ein gjengangar. Mange har såkalla flapreluker som fluktopning. Dette er luker som er montert på teinene, der ein kan skifte mellom 6 cm og 8 cm opning. Desse skal vere fastlåst og sikra i lovleg posisjon, noko mange ikkje etterlever, seier inspektør Wenche Marie Johannesen i Fiskeridirektoratet.