Hopp til innhold

17-åring frå Stord har signert for Rosenborg

Cille Nilsen (17) frå Stord har signert for Rosenborg sitt kvinnelag i Toppserien, skriv klubben på sine heimesider. Dei skriv at ho er mellom dei største talenta i Noreg på kvinnesida.

Nilsen spelar i dag for Avaldsnes, men er på utgåande kontrakt. Ho vil difor vera klar for Trondheim-klubben i sommar. Rosenborg er i dag på andreplass i Toppserien.