Hopp til innhold

Vestland tener enormt på konsesjonskraft

Vestland fylkeskommune vil i år og dei to komande åra tene til saman 1,2 milliardar kroner på sal av konsesjonskraft. Dette viser fylkeskommunen sine eigne prognosar. Konsesjonskraft er ein lovheimla rett til elektrisk kraft som fylkeskommunen i dette tilfellet får frå kraftselskapa. Krafta blir selt vidare med stor forteneste.