Hopp til innhold

Semje om jordbruksoppgjeret

SV er samde med regjeringspartia om årets jordbruksoppgjer. Bøndene kravde opphaveleg 6,9 milliardar kroner, men vart samde med regjeringa om eit oppgjer på 4,1 milliardar kroner.

Landbrukspolitisk talsperson Vidar Kjølmoen (Ap) meiner semja på Stortinget er viktig for forsyningstryggleiken.

– Avtalen styrkar norsk landbruk, bidreg til å tette inntektsgapet og sørger for at den norske bonden framleis kan produsere god, trygg mat til det norske folk.