Hopp til innhold

Fleire tusen på Torgallmenningen

Konferansier for kvelden Remi Taule sa frå scena at det gjekk rykter om at det var mellom 13 og 15.000 personar på Torgallmenningen sundag ettermiddag. Det er eit tal som så langt ikkje er bekrefta. Laurdag var det rundt 4000 til stades. Sundag var det fleire, opplyste politiet i sentrum til BT. Det var uansett lite å utsetta på lydnivået blant dei raudkledde i Bergen sentrum. Seinare har Vest politidistrikt kome med anslag på vel 7000 personar.