Hopp til innhold

Dette er planen for dagens gullfest i Bergen

Sundag klokka 16.30 blir det gullfest på Torgallmenningen. Brann-spelarane kjem for å visa fram kongepokalen og feira klubbens første herregull på 19 år.

Det blir Brann-låtar, allsong, buekorps og hyllest frå byens ordførar og byrådsleiar, opplyser kommunen. Konferansier er Brann-speaker Remi Taule.

– Det er god plass, og me håpar det kjem mange. Spelarane fortener at me hedrar dei endå ein dag. Me skal synga både «Nystemten» og «Gullet skal hem», opplyser idrettsbyråd Linn Katrin Pilskog til kommunen sine nettsider.

Den første halvtimen blir det mest Brann-musikk og oppvarming før hovudprogrammet frå scenen startar klokka 17.00.

Torgalmenningen etter kamp
Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK