Hopp til innhold

Avsluttar søk etter snøskred ved Skålavatnet

Politiet og frivillige avsluttar søket ved Skålavatnet ved Loen i Stryn kommune etter at det kom melding om snøskred. Politiet skriv at ingenting tyder på at nokon er tekne av skredet.

Det var uvisst når tid skredet gjekk, og det var uklart om personar hadde blitt tekne av det.

– Skredet er varsla inn av to personar som var i området, som fekk signal på skredsøkarane sine, sa operasjonsleiar Beate Træen ved Vest politidistrikt.

Det var uvisst om signala var forstyrringar eller nokon som faktisk var tekne av skredet.

Skålavatnet ligg langs ruta til DNT-hytta Skålatårnet, som er eit populært turmål. Skredet er mellom 100 og 150 meter breitt.

– Politiet og frivillige er på staden. Eit redningshelikopter er framme om kort tid, sa Træen.

Klokka 13.30 melde politiet at dei ikkje hadde fått opplysningar om at personar var tekne av skredet. Politiet var på staden og jobba med å skaffe seg oversikt.

Hovudredningssentralen Sør-Noreg (HRS) sende helikopter frå Florø. – Vi er framme no og har gjort eit grovsøk frå lufta. Vi har også sendt ned ein redningsmann som skal hjelpe dei som er der, sa redningsleiar Oddgeir Andersen.

HRS sende også fagfolk for å gjere ei vurdering av skredet.

14.00 var det gjort eit oversøk av store delar av skredet, men utan funn. Heile skredet blei gjort eit oversøk på.

Varsom.no melder om faregrad 1 for snøskred i Indre Fjordane.