Hopp til innhold

Avdekka fleire utan arbeidsløyve på skip i Florø

Politiet gjekk onsdag til aksjon mot eit norskregistrert skip i Florø-området. Her avdekka dei at 33 av dei 50 arbeidarane om bord mangla arbeidsløyve. Det opplyser jourhavande politiadvokat Arne Fjellstad til Bergens Tidende.

– Vi gjekk til aksjon fordi vi hadde opplysningar om at dette kunne vere tilfelle, seier Fjellstad til NRK.

Det viste seg at opplysningane stemte. 33 av arbeidarane var tredjelandsborgarar utan arbeidsløyve. 31 av desse blir no bortvist frå Noreg. Dei to som slepp å bli vist vekk, var ein ukrainarar og ein arbeidar med lovleg arbeidsløyve i eit anna europeisk land.

Dei ulovlege arbeidarane er sjøfolk frå ei rekkje land utanfor EØS som altså mangla nødvendige papir for å jobbe i Noreg.

Skipet dei jobba på låg til kai for vedlikehald og oppgradering og var ikkje i drift.

Politiet opprettar no sak mot reiarlaget.

– Vi mistenker at dei har tilsett folk utan lovleg arbeidsløyve. Kva vi kjem fram til og kva reaksjon reiarlaget kan vente seg, er for tidleg å seie noko om, seier Fjellstad.

Ifølge politiadvokaten er det alvorleg å ha utanlandske arbeidarar utan arbeidsløyve, – Men i denne saka er det omfanget som gjer at vi ser så alvorleg på det, seier han.

Ifølge politiadvokaten er det slett ikkje uvanleg at det er ein del arbeidarar i Noreg som manglar arbeidsløyve.

– Vi har ein del slike saker. Nokre av dei handlar om at dei som tilset arbeidarar ikkje har nødvendig kunnskap eller stiller krav om arbeidsløyve.

Ifølge Fjellstad går dette att i alle bransjar:

– Vi har funne slike saker både i kommunar, sjukeheimar, restaurantar og på garder. Alle bransjar er representert.

Politiet melde først at båten låg til kai i Måløy, men det viste seg altså å vere i Florø-området.