Hopp til innhold

Mann i 50-åra omkom: – Ikkje mistanke om noko kriminelt

Laurdag kveld vart ein mann i 50-åra funnen død under ein snøskuter ved Grønlivatnet i Voss. –Det er ikkje mistanke om at avdøde har vore utsett for ei straffbar handling, seier politiadvokat Ingeborg Drægebø. Saka vert no etterforska, og avdøde vert send til obduksjon for finne dødsårak. Politiet opplyser at dei vil undersøke snøskuteren blant anna for å avdekke teknisk tilstand.