Hopp til innhold

Innbrot i Stryn

Natt til søndag har det vore eit stort innbrot i verksemda Johan Flo & Søn i Stryn, melder politiet.

Det er gjort skader og fjerna varer frå fleire hundre tusen kroner. Politiet skriv på Facebook at dei ynskjer tips og informasjon om nokon har sett noko mistenkjeleg i løpet av natta.

– Tilsette oppdaga at ei dør vart broten opp då dei kom på jobb, seier innsatsleiar Roger Gundersen i Politiet.

Verksemda har førebels ikkje full oversikt over omfanget av innbrotet i jernvareforretninga.

– Politiet har vore på staden, gjort undersøkingar, og sikra spor, seier Gundersen.

Johan Flo & Søn i Stryn
Foto: Politiet