Hopp til innhold

Rykte ut for å ta hand om mann langs vegbana

Politiet rykkjer ut for å sjekke tilstanden til ein mann som ligg ved eit busstopp i Jølster. – Vi veit ikkje kva saka gjeld enno. Det kan vere helsemessige årsaker, eller det kan vere at han er rusa. Vi må også sjå om han er til sjenanse eller til fare for seg sjølv, seier Tom Johannessen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt. Mannen skal ikkje vere skadd.

Politiet opplyser klokka 13.47 at dei er framme ved staden og at alt står bra til med mannen.