Hopp til innhold

Fiskeridirektoratet melder Aller Aqua etter fiskerømming

Det var i fjor haust at 35.000 fiske rømde frå Aller Aqua Norway AS sitt anlegg i Høyanger kommune. Rømminga var ei av dei største på fleire år, og blei oppdaga i samband med levering av slakt.

Saka har blitt følgt opp av Fiskeridirektoratet. – Når vi følgde opp hendinga fant vi fleire avvik ved tilsyn, seier Gudrun Egge i Fiskeridirektoratet på nettsidene sine.

Dei meiner rømminga skjedde fordi selskapet braut regelverket og har no politimeldt dei for ulike brot på akvakulturlovgjevinga.

Sidan saka er ei pågåande politisak vil dei ikkje utdjupe saka nærmare, seier Nadia Jdaini, kommunikasjonsrådgivar i Fiskeridirektoratet til IntraFish.

Sturle Skeidsvoll, dagleg leder i Aller Aqua Norway AS, seier til NRK at dei førebels ikkje har kommentarar til sjølve siktinga. – Men vi vil understreke at anlegget er sertifisert etter dei strenge miljøstandarane som gjeld for næringa.

Mange har vore urolege for at rømminga påverkar villaksbestanden i området. – Dette er djupt tragisk. Dette er ei genetisk forureining, og det treng vi ikkje meir av, uttalte Knut Munthe Olsen, grunneigar i Årøyelva i Sogn då rømminga blei kjent.

På anlegget i Vadheim var det også tidlegare påvist den alvorlege laksesjukdommen ankreas-sjukdom (PD), noko mange frykta ville forverre rømminga.

Rømt oppdrettslaks i Vadheim. Svein Rune Kyrkjebø er ute på fjorden.
Foto: Steinar Lote / NRK