Hopp til innhold

Tidlegare kommunetopp dømd for ulovleg sjødumping

Ein tidlegare kommunetopp i dåverande Vågsøy kommune er dømd til fengsel i 30 dagar for brot på forureiningslova og plan- og bygningslova. Straffa er på vilkår med ei prøvetid på to år. Mannen må også betale ei bot på 20.000 kr.

Gjennom to månader i 2019 blei det bygd ny turnhall i kommunen. Det blei fylt ut minst 7500 kubikkmeter massar av stein i sjøen utan løyve. Massane var forureina med blant anna tungmetall. Fyllingen blei delvis lagt over område med sårbart ålegras.

Den tiltalte la alle korta på bordet då han møtte i Sogn og Fjordane tingrett. I dommen kjem det fram at mannen var klar over at tiltaket var søknadspliktig.

Tidlegare Vågsøy kommune, no Kinn kommune, melde seg sjølv til politiet i 2020. Miljødirektør Kjell Kvingedal hos Fylkesmannen i Vestland sa han ikkje har sett liknande saker før.

Dåverande rådmann Terje Heggheim var klar på at hendinga var alvorlege brot på plan- og bygningslova og på forureiningslova. – Hadde det vore ein privat entreprenør eller privat ansvarleg som hadde gjort same brot på same lovverk så hadde vi ikkje nølt. Vi hadde meldt det til politiet, seier han.

Fylling på Nygårdstangen i Deknepollen
Foto: Harald Kolseth / NRK