Hopp til innhold

Støre trur på fleirtal i Bergen

Medan Mikkel Grüner i SV seier til BT at han trur partiet kan bli større enn Arbeidarpartiet i Bergen, meiner Støre at Ap har god sjanse til å unngå høgrefleirtal i byen. BT skriv at SV har tredobla seg sidan kommunevalet i 2011. På deira siste måling fekk Ap 15,9 prosent oppslutnad, bak Høgre sine 34,4 prosent og framfor SV med 13,2 prosent. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier han er trygg på at partiet kan ta seg gjennom «denne vanskelege tida».

– Frå regjeringa si side skal me visa at resultata av politikken kjem. Få prisane ned, få kontroll på rentene og sørga for at me framleis får folk i jobb.

Han seier han er overtydd om at kampen mellom Høgre og Arbeidarpartiet i Bergen gir Arbeidarpartiet god moglegheit til å forklara folk at privatisering «ikkje er vegen å gå».

– Ved å setja vår politikk opp mot det som er alternativet så trur eg me skal ha ein god sjanse for å sikra eit anna fleirtal enn eit høgrefleirtal.