Hopp til innhold

Apoteksjef: Fjerna frå stillinga på ubestemt tid

Apoteksjef ved Sjukehusapoteket i Bergen, Pål Espen Johannessen er blitt erstatta av ein konstituert apotekar.

Bakteppet er i fylgje Johannessen at han har tatt ut gradert seksti prosent sjukemelding. Johannessen meiner han samstundes kan stå i stillinga som apoteksjef, men administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest, Jon Bolstad, har frå i dag av erstatta han med ein innleigd konsulent i stillinga som sjukehusapotekar.

– Eg har ikkje fått vite når eg eventuelt får tilbake stillinga mi, seier Johannessen til NRK.

Johannessen ser på saka som straff etter at han varsla om uforsvarlege tilhøve ved apoteket.

Sjukehusapoteka Vest sin informasjonssjef, Bernt Flekke, vil ikkje gå inn på påstanden. Han seier dei har konstituert ny sjukehusapotekar til 20. april.

– Lova tilseier at sjukehusapoteker skal vere på arbeidsplassen i 50 prosent av arbeidstida. Dette er ei krevjande tid for leiarar og medarbeidarar, samstundes som vi skal ta i vare den daglege og trygge drifta skal ein følgje opp det som er kome av avvik i rapporten til Legemiddelverket, seier Flekke.

Men jurist i fagforeininga Norges Farmaceutiske Forening, Jon Ole Whist. seier lovkravet kunne blitt oppfylt utan å byte ut Johannessen.

– Etter apoteklova skal ein kunne ha ein stadfortredar når ei sjukmelding er på maks ein månad. Det kan ein klare sjølv utan å byte ut Johannessen.

Johannessen har også sagt han kan vere til stades i 50 prosent av arbeidstida. Utskiftinga skal også ha skjedd utan ei skriftleg saksutgreiing.

Det har dei siste vekene vore ei stor arbeidskonflikt ved Sjukehusapoteket. Johannesen har varsla om at liv og helse kan vere i fare, og Legemiddelverket har etter eit tilsyn gitt Johannessen støtte i varselet. På same tid har Jon Bolstad reist ei personalsak mot Johannessen, og han står i fare for å miste jobben.

Samstundes har fleire tilsette ved Sjukehusapoteket i Bergen sendt inn varsel mot leiinga i Sjukehusapoteka Vest, noko som har ført til ekstern gransking. Også Arbeidstilsynet skal gjennomføre tilsyn.

Apoteksjef for sjukehusapoteket på Haukeland Pål Espen Johannessen.
Foto: Gerd Johanne Braadland