Hopp til innhold

BA: Fleire tiltalt i stor økokrim-sak

Ytterlegare tre personar er tiltalt i økokrim-saka som blir omtalt som ei av dei største i Bergen nokon gong, skriv Bergensavisen. Dei tre er tiltalte for medverknad til kvitvasking av pengar. Dermed er det totalt seks personar som no er tiltalte i sakskomplekset.

Frå før er to brør og ei kvinne tiltalt for omfattande bedrageri, dokumentforfalsking og kvitvasking av pengar i nærmare ti år.