Hopp til innhold

Staten ankar Nora-dommen

Ti år etter at det gjekk gale under fødselen i Bergen fekk foreldra til Nora Davis fastsett 71 millionar i erstatning. No har staten bestemt seg for å anka dommen frå lagmannsretten, melder BT.

I dommen frå Gulating lagmannsrett står det at pengane skal utbetalast som ein eingongssum i amerikanske dollar. Staten meiner erstatninga bør betalast ut som årlege summar og er usamde i storleiken på erstatninga.