Hopp til innhold

Vaktsjefen skal ha sagt «hjelp meg» etter kollisjonen

Mannen som var vaktsjef i operasjonsrommet på KNM «Helge Ingstad» opplevde kollisjonen som ein «plutseleg, brå bevegelse» i fartøyet.

Han vart utdanna navigatør på Sjøkrigsskulen i 2013 og seinare krigføringsoffiser. Onsdag vitna han i Hordaland tingrett.

Han forklarte at han etter kollisjonen sprang opp på brua for å hjelpe til. Han gjekk bort til den no tiltalte vaktsjefen på brua og tok han i overarmen.

– Eg spurte han om det gjekk bra. I ettertid var det eit tåpeleg spørsmål med tanke på at det verste marerittet for ein navigatør nettopp hadde skjedd. Eg hugsar han svarte «hjelp meg».

Operasjonsrommet ligg ein anna stad på fregatten enn brua, og derifrå blir mellom anna militære operasjonar gjort. I operasjonsrommet er det storskjermar som viser det same som radarskjermane oppe på brua.

Mannen hadde ikkje som hovudoppgåve å hjelpe til eller følge med på seglasen, men fortalde retten at han «nærare eitt kvarter» før kollisjonen såg på skjermane utan at han heller såg tankskipet «Sola TS».

Fregatten Helge Ingstad om natten
Foto: Jakob Østheim / Forsvaret