Hopp til innhold

Skipssjefen: – Alt som skjer på den båten, er mitt ansvar

Nær to timar inn i vitneforklaringa si om skipskollisjonen i 2018, ønska skipssjef Preben Ottesen (54) å presisere ein ting for retten. Han viste til at aktor Magne Kvamme Sylta hadde spurt fleire spørsmål om kven som hadde ansvar for «det og det» på fregatten.

– Dette vil eg berre få sagt høgt og tydeleg: Eg har ansvaret for alt som skjer på den båten der. Om nokon søler diesel på fjorden, om kokken kuttar seg i fingeren, eller om vi seglar på eit tankskip. Det er mitt ansvar. Skal eg vera heilt ærleg, eg slit med å akseptere at det er vaktsjefen som sit der (på tiltalebenken, journ. anm.) og eg sit her i vitneboksen, sa han til retten.

 
Rettsaken mot vaktsjefen om bord på fregatten KNM Helge Ingstad
Foto: Marit Hommedal / NTB