Hopp til innhold

Gjekk ras få meter frå riksvegen

Helge Torstad vart vitne til at det gjekk eit sørpeskred ned Larsgrovi mot Fjærlandsvegen i Sogndalsdalen onsdag morgon. Sogn Avis omtala saka først. Han anslår at skredet stogga kring ti meter frå riksvegen. – Heldigvis gjekk det bra denne gongen også, seier Torstad.

Eit sørpeskred var nær ved å nå riksveg 5 mellom Sogndal og Skei. Ein bil køyrde på vegen då skredet kom.