Hopp til innhold

Fotgjengar påkøyrt i Bergen

Ein person vart påkøyrt i eit fotgjengarfelt ved Odontologen på Årstad i Bergen onsdag morgon. Ifølgje politiet skal personen vera vaken og medviten.

– Det er ein mann i 20-åra som er påkøyrt. Det går etter forholda greitt med han, men han har smerter, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen. Han fortel at politi og ambulanse har rykt ut til staden. Mannen som er påkøyrt får tilsyn av helsepersonell. Politiet snakkar med dei involverte og vitne til hendinga.

Det er meldt om noko redusert trafikkflyt på grunn av køyretøya til naudetatane.