Hopp til innhold

Innbrot på hotell i Bergen

Politiet melder at det har vore innbrot på Ole Bull hotell i Bergen sentrum i natt. Det var ein vektar som oppdaga at det hadde vore nokon inne. Dei hadde prøvd å bryta opp ein safe, men det hadde dei ikkje fått til. Dei kan ha fått meg seg ein mindre sum kontantar.

– Gjerningspersonane er ukjende, men politiet har sikra spor på staden, seier operasjonsleiar Tom Johannessen.