Hopp til innhold

Rykte ut til mogleg knivstikking – leitar etter person

Politiet i Bergen rykte i dag tidleg ut til ei leilegheit i Slettebakken-området der det vart meldt om at ein person var knivstukke.

Førebels er ikkje den personen som kan vera skadd funnen, men tre personar frå leilegheita er tatt med og sett i arresten.

Dei er sikta for kroppsskade, melder BT og BA.

– Det har så langt ikkje vore veldig samarbeidsvillige, seier Tatjana Knappen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til NRK.

Rundt 07.35 fann politiet ein person som dei trudde var fornærma i saka, men han var ikkje skadd.

– Utifrå spor på åstaden har me grunn til å tru at ein person er skadd, seier Knappen.

Dei leiter difor vidare med mellom anna hundepatruljar.

– Det er spor på staden som gjer at politiet mistenker at knivstikking kan ha skjedd, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen til NRK.

Det var BT som meldte om hendinga først.

Politiet væpna seg under aksjonen då meldinga kom inn like etter 04.30.

– Vi har store ressursar ute for å leite etter fornærma. Vi veit ingenting om skadeomfanget, men vi har vore i kontakt med helsevesenet som seier vedkommande ikkje har tatt kontakt med dei, seier Johannessen.

Ved 17-tida torsdag ettermiddag opplyser politiadvokat Elisabeth Morstøl at de framleis søker etter den fornærma.

– Vi jobbar med å avhøyre vitne, og har jamleg kontakt med helsevesenet om de har fått inn noko, seier Morstøl.

Voldshendelse på Landås i Bergen
Foto: Alrik Velsvik / NRK