Hopp til innhold

Utdanningsministeren uønskt av UiB-studentar

På eit møte måndag vedtok studentpolitikarane ved Universitetet i Bergen å erklæra Ola Borten Moe «persona non grata». Det betyr at dei meiner han er uønskt ved UiB og ikkje eigna til å vera forskings- og høgare utdanningsminister.

– Ola Borten Moe har ikkje vist interesse for verken studentane eller sektoren han representerer, seier Aksel Haukom, leiar av Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen i ei pressemelding.

I førre veke melde Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo at ministeren er uønskt. No har altså bergensstudentane sagt seg einige.

– Me kan ikkje ha ein minister som kallar oss «pubertale» når me tek opp sakleg kritikk på åtferda hans. Me har fått nok, seier Haukom.

June Trengereid Gruer er medlem av sosialdemokratisk liste ved Studentparlamentet i Bergen. Ho er sterkt kritisk til vedtaket.

– Dette bryt med eit viktig prinsipp i Noreg om at me snakkar med kvarandre, også når me er ueinige. Det er trist at me har så lite tiltru til demokratiet.

Moe
Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe