Hopp til innhold

Slakteri får 750.000 kr i bot

Politiet har gitt Slakteriet Brekke 750.000 kr i bot etter at vel 17.000 oppdrettslaksar rømde i 2019.

Holet laksen rømde frå, blei laga av at ei merd kom borti eit fartøy.

I førelegget står det mellom anna at nota ikkje var tilstrekkeleg nedlodda, noko som auka risikoen for at nota kunne komme borti eit fartøy.

Det står også at ingen tilsette frå selskapet var til stades som kunne hindre eller oppdage ein mogleg skade.

Selskapet ønsker ikkje å kommentere bota no.

Slakteriet Brekke, Gulen
Foto: Gøril Sætre