Hopp til innhold

Bergen kommune får kritikk for pandemi-liste

Omfattende informasjon om 120.000 innbyggarar blei samla i eit eige dokument under pandemien, skriv BA. Blant opplysningane er levekårssone, korleis dei blei smitta og kort helsehistorikk.

Assisterande kommuneoverlege Arild Iversen seier dei samla inn data som dei meinte var naudsynte for å driva smittesporing, men få veit at lista finst.

Verken dåverande eller noverande personvernombod i Bergen kjenner til lista. Det er vanlegvis dette ombodet som vurderer lovlegheita av til dømes datainnsamling og lagring.

– Dette er ikkje til å tru. Skal ein bortforklara alt med «gode intensjonar» og ein «ekstraordinær situasjon», spør førsteamanuensis og ekspert på personvern, Malgorzata Cyndecka ved UiB, i avisa.

Tidlegare helsebyråd Beate Husa (KrF) stadfestar at ho kjenner til lista, men seier til BA at ho ikkje kan hugsa å ha vore med i diskusjonar knytte til det som omhandlar personvern og innsynsrett.

Testkø utenfor teststasjonen på Festplassen i Bergen, torsdag 25. mars
Foto: Cato H. Kristensen / NRK