Hopp til innhold

2000 Widerøe-passasjerar råka

Widerøe melder at dei har måtta kansellera ein del flygingar etter stenginga av Flesland i dag tidleg.

– Me har booka om ca 1400 passasjerar, og så har me rundt 600 som opplever forseinkingar, seier Silje Brandvoll, kommunikasjonsdirektør i Widerøe. Ho omtalar hendinga som ganske «massiv» for selskapet, og seier at det vil forstyrra trafikken utover dagen.

– Den viktige bodskapen frå oss er at alle passasjerar som blir råka blir kontakta.

Stenginga kan få konsekvensar også på andre flyplassar.