Hopp til innhold

Større steinras på Osterøy

Det har gått eit større steinras på Bruvikvegen ved Grønevika på Osterøy. Dette ligg mellom Osterøybrua og Bruvik. Naudetatane er på veg.

Raset er 20 meter bredt og har gått over veg, seier Shahrooz Lahooti ved 110-sentralen til NRK. Vegen er heilt stengt.

– Vi har ingen indikasjonar på at hus er tatt. Brannvesen er sendt ut, samt drone for å få betre oversikt, seier Lahooti.

Heller ikkje Vest politidistrikt har fått melding om at nokon er tatt i skredet.

– Men på grunn av storleiken og tid på døgeret har me sendt ut patruljar for å undersøka nærare, fortel Tore Andre Brakstad.

Han ber dei som eventuelt saknar nokon om å gi beskjed så fort som mogleg.